Bendt Winges glidestol Condor
Foto: Privat eie

Stolen som nesten forsvann – og andre møblar som var på veg inn i gløymeboka

Fleire år med detektivarbeid er over. Nå får folka bak ein nystarta møbelfabrikk på Hellvik ros for jobben dei har gjort for norsk design-historie.

Året er 2016. Morten Hippe har brukt mykje tid og krefter i forsøket på å spora opp ein stol. Nå sit han på heimekontoret sitt i Oslo og gjer opp status. Det ser mørkt ut.

– Teikningane er kasta og det einaste eksemplaret som er att av stolen er seld til ein mann frå Japan. Ein mann me ikkje veit kven er.

Han snakkar inn i ein mikrofon på datamaskinen sin. På andre sida, i Egersund, sit kompisane hans Frode Tingbø og Jørgen Tengesdal, som også er kollegaer i det nystarta møbelselskapet deira Eikund.

Dei må innsjå at eit viktig stykke norsk designhistorie truleg har gått tapt for all framtid. Ein særeigen lenestolen av eik og saueskinn, teikna av Bendt Winge i 1959, og kalla opp etter den svære amerikanske fuglen «Condor». Kompisane blir samde om at dei må la «Condor»-stolen fly, og heller konsentrera seg om andre møblar.

Dette er det største skjæret i sjøen dei har støtt på etter at dei sette seg eit hårete mål: Å gi nytt liv til det dei meiner er det ypparste av møblar som blei designa i Noreg på 50- og 60-talet. Slik danskane har hatt stor suksess med, men som ingen i Noreg har gjort i same grad.

Bendt Winge

Bendt Winge (1907–1983) var ein av dei første profesjonelle norske interiørarkitektane som teikna for norsk møbelindustri.

Foto: Public Domain

Hippe veit at det finst mange andre fine norske møblar, men likevel klarer han ikkje heilt å slå seg til ro med dette nederlaget.

– Det ville vore jævlig om denne flotte stolen skulle bli gløymd for all framtid, seier han.

Så sjølv om det ser håplaust ut, så bestemmer han seg for å halda fram «Condor»-jakta på eiga hand.

– Ingen har dyrka den norske design-arva

Det var tilbake i 2014 Morten Hippe og Frode Tingbø fekk ideen om å starta produksjon av norske klassiske designmøblar. Møblar ein kanskje skulle tru var kjende, men som fleire design-interesserte nordmenn ikkje ein gong har høyrt om.

– Det finst så mange gode norske designarar, men ingen har vore spesielt opptekne av å laga det dei teikna. Ingen i Noreg har dyrka design-arva vår, seier Hippe som jobba med å selja dansk design i firmaet Carl Hansen & Søn.

Han møtte Tingbø for første gong etter å ha bestilt kjøkken av han til villaen sin på Jar.

Tingbø hadde eige firma i Eigersund der han designa og produserte kjøkken. Då han kom til Austlandet for å installera kjøkkenet til Hippe fann dei fort tonen. Deira brennande engasjement for norsk designhistorie blei tema i samtalane, og begge var plaga av at denne historia ikkje er meir tilgjengeleg for nordmenn.

Morten Hippe og Frode Tingbø i fabrikken på Hellvik

Morten Hippe og Frode Tingbø i møbelfabrikken på Hellvik.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ein av grunnane til dette meiner dei er olja som kom til Noreg på 60-talet.

– Her i Eigersund og på Jæren blei så og seia alt som fanst av møbelfabrikkar lagt ned. Oljeindustrien saug til seg tilgjengeleg arbeidskraft. Mykje av tradisjonane og historia gjekk tapt i denne tida. Dette er noko eg ønsker å retta opp i, fortel Tingbø.

Så medan Tingbø bygde kjøkkenet til Hippe la dei ein plan.

Tingbø skulle selja firmaet sitt, og dei skulle gå heilhjarta inn for det som nå hadde blitt draumen deira. Med seg på laget fekk dei Tingbø sin gode ven frå Egersund, Jørgen Tengesdal.

Saman skulle dei få norsk design-historie opp i lyset og ut til folk.

Brukte Asbjørnsen og Moe-metoden

Ikkje lenge etter sat Hippe på nasjonalbiblioteket med nasen mellom tjukke gamle permar med interiørmagasin. Det var spesielt magasina frå 50- og 60-talet som blei grundig gjennomgått.

Dei hadde gjort seg ein del tankar om kva designarar som var interessante, og kva produkt dei ville ha i katalogen sin, men dei ville heller ikkje oversjå noko. Derfor fekk Hippe ansvaret for å gå over alle krikar og krokar av den norske designhistoria.

Fredrik Kayser, Torbjørn Bekken, Torbjørn Afdal og Bendt Winge er namna på nokon av designarar han ville undersøka ekstra godt.

Etter å ha gått gjennom fleire kilo Bonytt, fleire hundre Finn-annonsar med vintage-møblar, notatbøker til norske designarar og alt anna ein kan koma over av litteratur på feltet, så sat han til slutt att med ei liste på om lag 30 møblar.

– Det er desse møblane me meiner må få nytt liv. Dette er møblane me ønsker å produsera, fortel Hippe.

Men enn så lenge så var dette berre ei ønskeliste. Ein kjem ikkje spesielt langt med ei ønskeliste om ein har tenkt å produsera møblar som blei designa for fleire titals år sidan.

Krysset

Hippe gjekk gjennom produktkatalogar, som denne frå Bahus og Rastad & Relling. Stolen på bilete heiter «Krysset», og hamna på lista til Eikund.

Foto: FAKSIMILE FRÅ PRODUKTKATALOG FRÅ 1961 / WWW.MATSLINDER.NO

Ein bør ha ei teikning eller ein produsert original av møbelet, og ein må ha rettane til å produsera dei. Det er det anten designaren sjølv som har, eller i dette høvet arvingane sidan dei fleste designarane er døde, eller firmaet designarane jobba for.

Å skaffa alt dette ville bli eit enormt arbeid. Hippe bretta opp ermane, og på same måte som Asbjørnsen og Moe reiste landet rundt for å samla inn norske folkeeventyr, starta Hippe nå med heimebesøk hos design-arvingar for å samla inn norsk design.

– Heldigvis så var alle positive til prosjektet vårt. Men det var ikkje alltid like lett å leita fram teikningane eller originaleksemplar, fortel Hippe.

Han måtte krypa på tronge loft og gå gjennom nedstøva svære rullar med skisser og teikningar. Men dei fekk tak i det aller meste.

Dei kunne byrja med å kryssa av på ønskelista si. Møbel for møbel blei klart for produksjon. Ting såg verkeleg ut til å gå vegen.

På kontoret jobbes det med 3D-modellen til stolen Hertug av Fredrik Kayser

Kriss Elde jobbar med 3D-modell av stolen Hertug av Fredrik Kayser. Ein av om lag 30 stolar som Eikund kan starta produksjon av.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

To skap med teikningar

Men så kom dei til «Condor», lenestolen som dei hadde så lyst på.

– Den poppa ut mot meg førte gong eg såg den. Det er eit ærleg design der du ser alle detaljane. Noko av det finaste er armstøa som nærmast svevar ut. Det at den er justerbar er noko som er høgst uvanleg for stolar på den tida. «Condor» er annleis frå alt anna, forklarer Hippe.

Stolen fekk forma si av Bendt Winge i 1959, 24 år før han døydde. Den blei truleg berre produsert i nokre få eksemplar, og slo ikkje an kommersielt. Seinare fekk den likevel ry på seg for å vera eit av dei verkeleg store praktverka teikna av mannen som i ettertida har blitt mest kjent for ein masseprodusert stablestol i plast.

Bendt Winge sin stablestol i plast

Det er denne masseproduserte stablestolen i Plast Bendt Winge er mest kjent for. Den blir produsert av Nordic Comfort Products, og blei teikna i tidsperioden 1968-70.

Foto: Nordic Comfort Products

Då Winge laga stolen jobba han frilans. Derfor starta jakta på «Condor» hos familien, som sat på rettane. Sonen til Bendt, Jon, var mannen som måtte leitast opp. Han hadde teke over huset til Bendt, og til Hippe si store overrasking låg huset rett nede i gata for han på Jar.

Det starta altså på best tenkelege måte. Hippe kunne spasera ned gata for å møta mannen som sat på rettane til ein av drøymestolane. Problemet viste seg berre å vera at han ikkje sat på stolen.

– Han hadde selt den siste stolen som var att for berre nokre år sidan. Ein japanar hadde kjøpt den i samanheng med utstillinga Norwegian Icons, fortel Hippe.

Det nest beste, når ein ikkje har sjølve stolen, er å få teikningane. Men også desse var vekke.

Condor-stolen på utstillinga Norwegian Icons

Dette bilete blei teke av glidestolen «Condor» då den blei stilt ut på Norwegian Icons.

Foto: Norwegian Icons

For før Winge døydde donerte han to skap fulle av teikningar til Landsforbundet Norsk Brukskunst, som heldt til i Uranienborgvegen. Dei hadde blitt plassert på loftet der i ei eiga Winge-bod, men så flytta Landbruksforbundet ut og Scandinavian designgroup inn.

Hippe oppsøkte adressa i Uranienborgvegen, men skåpa var ikkje lenger der, heller ikkje hos DOGA som det heiter i dag.

– Ingen av dei som jobba der hadde kjennskap til kva som hadde skjedd med teikningane. Eg var i kontakt med fleire museum også, men ingen hadde fått dei inn. Eg måtte derfor konkludera med at teikningane truleg hadde blitt kasta under flyttinga på 80-talet.

Det var på denne tida at dei blei samde om å ikkje leggja ned meir arbeid i stolen. Den var vekke, men Hippe gjekk likevel tilbake til Winge sin son. Kven var denne japanaren. Han som hadde kjøpt stolen.

– Alt han visste var at han var professor i illustrasjon, og at han samla på møblar, fortel Hippe.

På nettet søkte han etter japanske storsamlarar, og etter ei stund var det eit namn som dukka opp igjen og igjen: Noritsugu Oda. Dette var visst ein velståande japanar med ei samling på om lag 1300 sjeldne designstolar. Eit namn som Hippe fekk ei kjensle av å ha høyrt før.

Det kunne tenkast at dette kanskje var mannen som hadde kjøpt den siste kjende Condor-stolen i Noreg.

Men korleis kjem ein i kontakt med ein eksentrisk møbelsamlar frå Japan?

Nye favorittstolen

Det meste Hippe fann på nett om Oda var på japansk. Han fann ut at Oda ikkje snakka engelsk og at han ikkje hadde e-post. Etter kvart klarte likevel Hippe å leita fram noko som kunne vera ei mailadresse til ein som kjende storsamlaren.

– Eg sende ein mail der eg fortalde kven me var og kva me var på jakt etter, men eg hadde ikkje spesielt stor tru på at eg skulle få noko svar, fortel han.

Så heldt han fram med å leita rundt på nettet. Han såg på TV-intervju med Oda, som låg ute på Youtube. Og han held fram med å leita i Google. Etter ei stund kom han over noko som nesten tok pusten frå han.

I ein japansk artikkel om Oda, er det både bilete av Oda og «Condor»-stolen. Der var den. Stolen dei hadde vore på jakt etter i snart eitt år.

– Eg blei ganske sjokka. Det som var ekstra morosamt var at Oda i artikkelen seier at den norske «Condor»-stolen har blitt hans nye favorittstol, fortel Hippe, og legg til at dette er ein mann som har den største samlinga av danske Juhl og Wegner-stolar.

Midt i ekstasen går han over bokhylla si, og der får han bekrefta mistanken han hadde om å ha høyrt namnet til Oda før. Han har to bøker om danske stolar frå tida då han jobba i Carl Hansen & Søn. Forfattaren av bøkene heitte Noritsugu Oda.

Og akkurat når ein ikkje kunne håpa på at fleire brikker skulle falla på plass så plingar det i innboksen. Mailen kjem frå mannen i Japan som kanskje kjenner Oda.

Hippe les frå mailen.

« ... Mr. Oda is also pleased to have someone who is eager to collect or protect old masterpieces and try to do something to inherit them to the next generation like you.»

Oda var med! Han hadde den originale stolen, og han skulle sjølv teikna den opp i 1:1. Han ville ikkje ein gong ha betalt for det, men bad om to stolar når dei blei produserte.

– Eg ville først ikkje tru det. Eg sende SMS-ar til heile gjengen, og dei ville heller ikkje tru det, fortel Hippe.

Men etter kvart som korrespondansen heldt fram, blei det meir og meir tydeleg at dette ikkje var ein vits. Arbeidet med handteikningane blei lagde og seks månader seinare blei dei sende i posten.

– Dette var heilt sinnssjukt for oss alle saman. Eg hugsar eg fekk emojiar av Jørgen der han smiler og græt samstundes. Frode var også heilt ekstatisk. Og teikningane ser ut som om dei skulle vore laga på data. Eg forstår ikkje at det går an å teikna så bra.

Dette er rullen med teikningar som kom frå Japan

Dette er rullen med handlaga teikningar som kom frå Japan. Med desse er det mogleg for Eikund å produsera Condor-stolen som dei trudde var tapt.

Foto: Morten Hippe / Privat

Luksushotell og Michelin-restaurant

November 2017. Ordføraren i Eigersund kuttar ei fjøl med sirkelsaga hos Eikund på Hellvik og erklærer den nye møbelfabrikken for opna.

Bedrifta som nå har fem tilsette er allereie i full gang med sine første leveransar. Og at det var eit sug i marknaden etter norsk klassisk design har dei fått stadfesta.

– Når me har møte med moglege kundar blir me ofte møtt med ‘Yes, endeleg er det nokon som leverer norsk design’, seier Tingbø.

Det blir nok ei lita stund til Condor-stolen går i produksjon, for enn så lenge har produksjonen blitt styrt av kva kundane vil ha. Det starta med «Krysset» som er stolen som er mest kjend frå før, så fekk dei ei uventa bestilling på meir enn 300 stolar teikna av Torbjørn Bekken, med namn «Veng». Dette var det luksushotellet At Six i Stockholm, som ville ha.

– Me skulle berre presentera konseptet vårt for nokon i Choice-kjeda. Kort tid etter signerte me ei kontrakt til ein verdi av 1,5 millionar kroner, fortel ein nøgd Jørgen Tengesdal.

På den offisielle opninga av fabrikken kunne han stolt fortelja at også Utanriksdepartementet og Michelin-restauranten Re-Naa i Stavanger har lagt inn bestillingar på stolar.

Frode Tingbø

Sjå korleis Frode Tingbø med god hjelp av avanserte maskinar forvandlar plankar til designstolen «Krysset» av Fredrik Kayser. Dette er den første norske klassikaren dei produserer på fabrikken på Hellvik.

Definerer norsk designhistorie

Men det er ikkje berre storkundar som gler seg over at ein nå kan få fatt i eitt breiare utval av norske kassiske designmøblar. Mats Linder er ein av dei fremste ekspertane på feltet, han seier han er imponert over kor grundig Eikund har gått til verks.

– Dei har utelukkande gått etter å plukka ut kvalitetsprodukt frå dei beste designarane.
Med prosjektet sitt er dei med på å definera norsk designhistorie for gullalderen som blir kalla Scandinavian Design, seier han.

Bendt Winge sin «Condor» meiner han er ein av dei mest eksklusive og forseggjorde møblane frå norsk design si stordomstid. Han blei også positivt overraska då Eikund gjekk i gang med å produsera «The Veng chair», som er ein nærmast ukjent stol av Torbjørn Bekken for Rastad & Relling Tegnekontor.

Det han likevel ikkje er overraska over er suksessen Eikund så langt har opplevd.

– Interessa for skandinavisk design er igjen på topp, så dei må smi mens jernet er varmt, få ein solid økonomi i firmaet og etablera merkevara nasjonalt som internasjonalt.

På Kunsthøgskolen i Oslo seier professor innan interiørarkitektur og møbeldesign, Toni Kauppila, at han håper dette vil gi meir internasjonal merksemd til norsk design. Noko som også kan vera positivt for dagens norske designarar.

Målet til Eikund er at dei om nokre år skal kunne vera i konkurranse med dei aller største. At norsk design er noko som blir etterspurt over heile verda. Og at den oppveksande generasjon skal ha større kjennskap til og vera stolte av den rike-design-historia i Noreg.

Og dei ser sjølvsagt alle fram til dagen då «Condor» skal gå i produksjon.

– Det blir nok veldig spesielt, sidan det var ein stol me trudde var vekke for alltid. Det var den største kampen, seier Hippe som er nøgd med at katalogen deira av møblar, blei akkurat slik som dei ville ha den.