Hopp til innhold

Ville kaninar er eit problem i Stavanger – blir fleire og fleire av dei

For mange ser dei berre søte og koselege ut, men kommunen er tydelege på at kaninane ikkje er ønska.

Ville kaninar på Ullandhaug i Stavanger
Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Me plantar ikkje tulipanar og set gjerde rundt rosene.

Kari-Britt Larsen ser på to kaninar som spring rundt i hagen hennar på Ullandhaug i Stavanger.

– Dei to må berre vera her for meg, men når det blir ti av dei blir det eit problem.

Ville kaniner på Ullandhaug i Stavanger

Sjølv om det ser ut som at kaninane har det bra, er det ikkje nødvendigvis slik. Dei trivs ikkje dersom det er vind, regn eller kaldt.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Mange kaninar lever fritt i området rundt Sørmarka og Universitetet i Stavanger på Ullandhaug.

Det har vore ville kaninar der i fleire tiår. Kommunen har ikkje tal på kor mange kaninar som finst i området.

Men mange meiner det er fleire kaninar i år enn det har vore tidlegare.

Folk set kaninane ut ulovleg

– Me vil ikkje ha dei, sjølv om dei er søte å sjå på, seier naturforvaltar i Stavanger kommune, Ann-Kristin Kro.

Kaninane et opp avlingar på gardar i området, og et opp mykje av det som veks i private hagar.

Men dei er først og fremst ikkje ønska fordi det er ein art som ikkje høyrer til i norsk natur.

– Sjølv om det kan sjå ut som at dei har det bra og trivs, er for eksempel vinteren ei tid som ikkje er grei for kaninane.

Kaninane er sett ut av eigarar som ikkje vil ha dei lenger, så har dei formeira seg og blitt fleire.

– Det er ulovleg å setta ut dyr. Det er dårleg dyrevelferd å gjera noko slikt. Dersom du ikkje vil ha kjæledyret ditt lenger, er ikkje dette måten å gjera det på, seier naturforvaltaren.

Ann-Kristin Kro, naturforvalter i Stavanger kommune.

Naturforvaltar i Stavanger kommune, Ann-Kristin Kro, seier at kaninane ikkje er ønska, sjølv om dei er søte å sjå på.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Kan øydeleggje miljøet

Ville kaninar kan òg skapa problem for miljøet rundt dei.

Det er ikkje berre på Ullandhaug det er ville kaninar i Stavanger. Kommunen har òg eit problem med at kaninar blir sleppt laus på fleire øyer.

Der kan det få konsekvensar som påverkar artane som naturleg lever der.

Kanin på Ullandhaug i Stavanger.

Kaninane høyrer ikkje til i norsk natur, og kan påverke habitatet rundt seg dersom dei blir for mange.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

– Det kan ha større påverknad for fuglar som hekkar på bakken, og at dei graver og et på vegetasjonen, noko som kan føre til erosjon, seier Kro.

Erosjon er nedsliting av jordoverflata som følge av ein geologisk prosess.

Sjølv om kommunen er tydelege på at kaninane ikkje er ønska, er det ikkje noko dei har ressursar til å gjera noko med.