NRK Meny
Normal

Vil sjå til London for å stoppa forsøpling

Politikarane er samde. For å få slutt på forsøplingsproblemet i Stavanger må folk sine haldningar endrast. For å få det til ønske stiftinga Grønn By å sjå til London.

Søppel i sentrum

Søppelet som ligg att etter ein laurdagskveld i Stavanger sentrum er eit festmåltid for måkene.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

Bjørg Tysdal Moe

Bjørg Tysdal Moe (KrF) er styreleiar i stiftinga Grønn By og fungerande ordførar i Stavanger.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Nå bruker me pengar på å gjera byen rein natt til laurdag og natt til sundag. Me bør heller bruka litt pengar på haldningsarbeid og gjera eit felles løft saman med næringslivet, seier Bjørg Tysdal Moe, som både er fungerande ordførar i Stavanger og styreleiar for stiftinga Grønn By.

Årleg bruker Stavanger kommune om lag seks millionar kroner på å gjera byen rein, og mykje av oppryddinga skjer i helgene på grunn av søppel som flyt etter nattelivet.

Etter Stavanger kommune i sommar publiserte eit bilete av korleis det ser ut når gatefeiarane kjem på jobb, har engasjementet rundt saka gått i taket.

– Det er fantastisk å sjå kor mange det er som engasjerer seg, og det gjer at eg er styrka i trua på at me saman kan få ein slutt på problemet, seier Tysdal Moe.

Slik ser det ut i en av landets største byer etter en fredag med fest i byen. Mange kaster bosset der de står og går, til tross for 34 søppeldunker i bykjernen.

VIDEO: NRK var ute tidleg laurdag morgon i helga og filma søppelet.

Vil endra haldningar med dugnad

Saman med Grønn By har Tyssdal Moe reist til europeiske byar for å få inspirasjon, og det har ho fått. Ho meiner kampanjen deira «Capital cleanup» er noko ein bør prøva å få til også her i byen.

Prosjektet går ut på at innbyggarane får pengar og utstyr – for sjølv å rydda opp sin del av byen der dei årleg bruker meir enn 40 millionar kroner på å rydda gatene for søppel.

– I London har dei sagt at me treng nokon som tek ansvar for den rundkøyringa eller den vesle parken, så har ei bedrift eller eit burettslag teke ansvar. Når ein så har ansvar for sin vesle park, forsøplar ein heller ikkje i andre parkar, for du veit at det går ut over alle saman, seier ho.

McDonald's er med på å finansiera prosjektet, og Bjørg Tyssdal Moe er klar på at eit liknande prosjekt i Stavanger måtte vore eit samarbeid mellom næringa og politikarane.

BRITAIN-ECONOMY-FINANCE-RECESSION

I «Capital cleanup»-prosjektet er det utvikla ein app, der ein kan sjå kor det går føre seg rydde-arrangement.

Foto: MIGUEL MEDINA / Afp

Trur det kan fungera

Leif Arne Moi Nilsen sit i Kommunalstyret for miljø og utbygging i Stavanger for Framstegspartiet, og har engasjert seg kraftig i søppelsaka. Han er svært positiv til London-initiativet frå Grønn By.

– Dei har hatt same problem som oss, så har dei hoppa i det og gjort noko med det. Og det ser ut til å ha fungert.

Også han meiner at det er fornuftig å bruka pengar på prosjekt som har som mål å endra haldningane til folk rundt forsøpling.

– Sjølvsagt, og det kan jo ikkje bli verre enn det er nå. Den einaste vegen er opp og fram. Me treng ikkje gå lengre enn til Tyskland og Sverige. Der har dei heilt andre haldningar rundt dette enn oss.

Bjørg Tyssdal Moe har tru på at haldningskampanjar kan få folk til å tenka seg om ein gong ekstra når dei vurdere å kasta frå seg søppelet.

– Eg trur det vil spela ei rolle. For om me lukkast med å få fram ei haldning der folk tenker; byen er vår og den er flott. Ja, då vil folk ta med seg matpapiret og kaste det når dei kjem heim. Det er faktisk mogleg, avsluttar Tyssdal Moe.

«Capital cleanup» sin informasjonsvideo