Hopp til innhold

Får ikkje bygge datasenter: – Vi mistar kundar for kvar dag som går

Det er over to år sidan Time kommune gav grønt lyst til ein omstridd industri­satsing på Kalberg, men så langt er det ikkje ei gravemaskin i sikte.

Ordfører for Time Kommune, Andreas Vollsund (H), peker ut mot lokasjonen for nytt datasenter og industipark

INGEN INDUSTRI: Ordførar Andreas Vollsund (H) i Time kommune viser området kommunestyret har vedtatt å bygge på for fleire år sidan.

Foto: Willem Leendertse / NRK

Utbygging av industri i området Kalberg i Time er ei betent sak i jærkommunen.

Medan nokon ser arbeidsplassar og grøn industri, ser andre asfaltering av verdifull matjord og redusert naturmangfald.

Sommaren 2021 fekk førstnemnde gjennomslag då eit knapt fleirtal i kommunestyret stemde for utbygginga.

Men to år seinare er det verken industri­klyngje eller datasenter å sjå på Kalberg, berre dyrka jord.

En av de aktuelle tomtene for industriklynge på Kalberg

AKTUELL TOMT: Dette er ein av lokasjonane på Kalberg Green Mountain har sikra seg gjennom ein opsjonsavtale.

Foto: Green Mountain

Kundane står i kø

Green Mountain bygger og driftar datasenter. Administrerande direktør Svein Atle Hagaseth fortel at dei har halde eit auge med Kalberg sidan 2019.

– Kalberg er veldig interessant, og vi opplever stor pågang frå utanlandske kundar. Det kunne blitt eit av dei mest berekraftige datasentera i verda, forklarer Hagaseth.

Svein Atle Hagaseth

Svein Atle Hagaseth i Green Mountain.

Foto: Green Mountain

Kundar melder interesse, tomta på Kalberg er i boks og kommunestyret har gitt grønt lys.

Alt er tilsynelatande klart.

– Reguleringa manglar. Kommunen har starta ein prosess. Det går sin gang, men vi skulle ønskje at denne prosessen gjekk mykje raskare, fortel ein oppgitt Hagaseth.

Green Mountain er for lengst etablert med datasenter på Rjukan i Telemark. Det som tok nokre veker å få til der, tar no fleire år på Jæren.

– Då vi bygde på Rjukan første gongen tok reguleringa eit par veker. Søknaden vart gjord på 23 timar, seier Hagaseth.

Set lokaldemokratiet først

– Det er ingen tvil om at prosjektet har vore utsett fleire gonger, men det kjem av lovlege og ærlege demokratiske prosessar. Sånn er demokratiet.

Det er motsvaret til ordførar i Time kommune, Andreas Vollsund (H).

Ordfører i Time Kommune, Andreas Vollsund

TING TAR TID: Vollsund anerkjenner at reguleringa kunne skjedd fortare, men understrekar at vi må ha respekt for den demokratiske prosessen i kommunestyret.

Foto: Willem Leendertse / NRK

– Prosjektet er ekstremt omfattande. Vi kan ikkje ta nokon snarvegar, seier han.

Industriprosjektet på Kalberg konkurrerer mot andre satsingar over heile landet.

– Vi mistar kundar for kvar dag som går utan godkjenning frå kommunen, seier Hagaseth.

Han fortel vidare at datasenteravtalen med TikTok og ei rekkje andre kundar var vurdert til Kalberg. Men utan godkjend regulering enda dei opp på Hamar og Løten i Innlandet.

Dei 350 faste tilsette der kunne vore i Rogaland og Time kommune.

Green Mountain skal ha signert avtale med TikTok – bygger Norges største datasenteranlegg.

TIKTOK: Den kinesiske sosiale medieplattforma var tiltenkt Kalberg på Jæren, men enda opp på Hamar.

Foto: Green Mountain

I tillegg skal Green Mountain ha vore i dialog med ein av dei største bilprodusentane i verda. Ønsket skal vere både eit datasenter og eit tilknytt IT-kompetanse­senter.

– Dette ville vore ei kjempemoglegheit, men vi kan ikkje trykkje på knappen før området er ferdig regulert, forklarer Hagaseth.

Ordførar Vollsund lèt seg ikkje stresse av trege kommunestyre­prosessar og konkurransen elles i landet.

– Det går jo framover og rett veg. Alt er sannsynlegvis ferdig regulert til våren 2024. Eg håpar kunden vil vere der når det står klart, seier han.

Meiner dei må dra lasset sjølv

Erfaringa frå Kalberg gjer at Green Mountain ikkje ønskjer å engasjere seg i prosjekt før området er ferdig regulert av kommunen.

Medan nokre kommunar gjennomfører utgreiings- og områdeplanen sjølv, har Time kommune gitt ansvaret til Time Energipark AS.

Tom Tvedt leier Time Energipark AS. Til liks med Hagaseth er han særs entusiastisk for prosjektet, men også frustrert over lokal- og fylkespolitikarane.

Vi jobbar kvar dag for å få dette på plass, men det går dessverre altfor seint. Andre kommunar og regionar i Noreg er langt framfor oss. Vi treng endå større draghjelp frå politikarane våre, seier Tvedt.

Pressekonferanse Norges idrettsforbund

Tom Tvedt i Time Energipark.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Han fortel at mesteparten av utgreiingsarbeidet på «industrisida» er på plass. Men ein ny omkøyringsveg bremsar reguleringsarbeidet.

Nokre grunneigarar ønskte ikkje grunnundersøkingar på eigedommane sine, sjølv om fleirtalet i utvalet for lokal utvikling stemde for arkeologiske utgravingar. Saka skal derfor behandlast i kommunestyret.

– Omkøyrings­vegen er vedtatt inn i planen. Gravemaskina stod klar, men no må vi vente til neste kommunestyremøte i oktober. Alle desse utsetjingane gjer at vi sakkar akterut i kampen om nye, grøne arbeidsplassar, seier Tvedt.