Hopp til innhold

Regjeringa vil ha strengare jordvernmål: – Me må auka matproduksjonen

Regjeringa vil nærmast ha slutt på bustadbygging på matjord. Det kan få store konsekvensar for kommunar som ligg midt i matfatet.

– Her blir det fleire einebustadar og rekkehus. Det ligg tett på byen og tett på turområde. Eg trur det blir ein attraktiv stad å bu når det står ferdig.

Ordførar i Time kommune, Andreas Vollsund frå Høgre, viser oss det som skal bli ein ny bydel i Bryne.

Det var her den første garden i Bryne låg. Og det var gardsdrift i nær 500 år, fram til rundt år 2000.

Nå har dei grøne kjelvene, som jærbuen kallar markene, blitt til store brune haugar med jord.

– Me treng innbyggarane. Me har ledig kapasitet på alle skulane, fortel ordføraren.

I alt er det rundt 70 dekar med dyrka mark i dette området, som etter planen skal bli til nye bustadfelt i åra som kjem.

– Dette er eit område som ligg midt i byen. Og då meiner eg det er rett å bygga ut. Det er vanskeleg å driva landbruk midt i ein by, seier Vollsund.

Veks midt i matfatet

Byen Bryne ligg midt i matfatet på Jæren.

Og i dei tre jærkommunane Klepp, Time og Hå har befolkninga auka frå 40.000 til 60.000 på 25 år.

Samtidig er dette kommunar der store delar av arealet er matjord. Ta til dømes Klepp. Der er 60 prosent av arealet i kommunen fulldyrka jord, mot knapt 3 prosent på landsbasis.

Ønsket om vekst kjem difor ofte i konflikt med ønsket om vern i denne regionen.

– Me kan ikkje halda fram med å veksa slik me har gjort dei seinare åra. Her har me noko av den beste matjorda. Og den har ikkje Noreg råd til å mista, seier kommunestyrerepresentant for SV i Time, Beate Aasen Bøe.

Og framover kan vernet koma til å trumfa veksten i større grad.

Beate Aasen Bøe i SV i Time

Beate Aasen Bøe i SV i Time vil ikkje at meir matjord i Bryne skal byggast ned.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vil ha strengare jordvernmål

– Krigen i Ukraina er eit sikkert teikn på at me må auka den norske matproduksjonen.

Det seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Geir Pollestad.

Han meiner at sjølvforsyninga må opp.

Regjeringa kom nyleg med sitt forslag til oppdatert jordvernstrategi. Der kjem dei med nye tiltak og eit strengare jordvernmål.

– Det vil bety at det blir tilnærma umogleg å få bygd bustadar og industri på dyrka mark, dersom me skal nå målet, seier Pollestad.

Sidan 1949 er om lag 1,2 millionar dekar dyrka og dyrkbar jord omdisponert til ulike utbyggingsformål i Noreg.

Geir Pollestad, Senterpartiet

Geir Pollestad er stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

På desse areala kunne ein ha produsert mat til 400.000 menneske, ifølge Nibio.

Dei seinare åra har fokuset på jordvern blitt større. I 2015 vedtok Stortinget eit mål om at ein ikkje skulle omdisponera, eller opna for å bygga ned, meir enn 4000 dekar dyrka mark årleg.

Nå føreslår Regjeringa å redusera talet til 2000 dekar årleg og at målet skal nåast innan 2030.

Og då meiner altså Pollestad at det truleg ikkje vil vera mogleg å få bygga hus på matjord.

– Eg håpar ikkje det. Det nyttar ikkje å bygga ein masse hus i Noreg på matjord, dersom me framtida ikkje er i stand til å forsyne befolkninga som skal bu i desse husa med mat, seier Pollestad.

– Men de går ikkje for eit nullvisjonsmål?

– Det er fordi me også i framtida vil ha behov for å ta noko jordbruksjord til vegar, jernbane, flyplassar og andre fellesfunksjonar.

Forslaget til oppdatert jordvernstrategi skal nå behandlast av Stortinget.

Matjord og utbygging på Bryne

Bryne og Time kommune vil vokse, seier ordføraren. Men kva vil veksten gå på kostnad av? Vern av matjord, meiner både regjeringa og SV.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Versting på å bygga ned

I fjor blei det opna for å bygga ned rundt 3650 dekar med dyrka jord i Noreg. Rogaland åleine stod for 900 dekar, eller nesten halvparten av det som kan bli det nye nasjonale målet.

Talet var spesielt ille i fjor, fordi det skal byggast ny E39, men det såkalla matfylket har fleire gonger vore versting.

Anfinn Rosnes, assisterande landbruksdirektør hos Statsforvaltaren i Rogaland

Anfinn Rosnes er assisterande landbruksdirektør hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me er mykje folk på lite areal i Rogaland. Og mykje av folket bur midt i matfatet, seier Anfinn Rosnes.

Han er assisterande landbruksdirektør hos Statsforvaltaren i Rogaland.

– Me må tenka annleis om korleis me skal veksa i denne regionen dersom me skal klara å berga jorda.

– Me har ikkje plass til eit einaste rekkehus eller einebustad med to-tre personar i på Flat-Jæren, det blir for mykje sløsing av areal, seier han.

Rosnes er tydeleg på at det vil bli vanskelegare for kommunane å få lov til å bygge på matjord framover dersom måla blir skjerpa, og det vil også gjelda for område som kommunane tidlegare har lagt inn i langsiktige planar.

Tal Statistisk sentralbyrå publiserte i 2022 viste nemleg at det nasjonalt er om lag 83.000 dekar med jordbruksjord som ligg inne i kommuneplanar og som potensielt kan byggast ned på sikt.

Meiner kommunen treng veksten

– Dersom du hadde sagt nei til alt, så hadde du ikkje fått nokon nye hus, du hadde sprengt bustadmarknaden og prisane. Og du måtte gått ned betydeleg på kvaliteten på tenestene til innbyggarane, seier ordføraren i Time, Andreas Vollsund.

På Brynehaugen held gravemaskinane fram med arbeidet.

Det er over 20 år sidan det blei opna for at staden der den første garden på Bryne låg, kunne bli til eit nytt bustadområde.

Like ved blei det nettopp bygd ny ungdomsskule, også det på dyrka mark.

Men alt dette ligg innafor det som blir kalla langsiktig grense landbruk, som blei vedteken av fylkeskommunen tilbake i 2000.

Grensa går som ein ring rundt Bryne sentrum og mykje av jorda innafor har ein opna for å bygga ut på sikt, men nå kan det altså bli vanskelegare å få lov å bygga også her.

Andreas Vollsund

Ordførar i Time, Andreas Vollsund står med dei store haugane med jord som er gravne opp. Det skal flyttast og brukast ein annan stad.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er for gale at me ikkje skal kunna ta i bruk område som ligg midt i byen, ved sida av alt av infrastruktur, skular, barnehagar, jernbane. Difor meiner eg det er heilt rett å bygga innafor og ut, slik som me gjer her, seier Vollsund.

– 3 prosent av Noreg er dyrka mark, me har 97 prosent av resten av landet der me kan bygga både industri og bustadar. Så den tenkinga at me må bygga der det er billigast og enklast, den må me få slutt på, seier Pollestad, som sjølv er frå Jæren.

Og kva med kommunar på Jæren som vil veksa?

Då må dei leita etter område som ikkje er dyrka. Eller la vera å veksa. Det er dei to alternativa dei har.

Utbygging på Brynehaugen

Steingarden står att, men matjorda her på Brynehaugen skal nå bli til bustadar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK