Hopp til innhold

Vil ikkje sitja med ryggen mot døra etter Utøya

Arbeidarpartiet i Stavanger har fleire kommunalpolitikarar som var til stades på Utøya. Partiet vil nå snu bordet i formannskapssalen fordi fleire føler seg utrygge.

Formannskapet i Stavanger

Slik sit AP-politikarane i dag i formannskapssalen i Stavanger. Ingen av desse politikarane var til stades på Utøya i 2011.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Dette handlar om tryggleiken og arbeidsforholda til alle som sit rundt dette bordet. Det er grunnen til at vi ønskjer at bordet vart snudd, seier Cecilie Bjelland, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Stavanger.

Alle Ap sine representantar sit med ryggen mot inngangen til formannskapssalen i Stavanger, og kan difor ikkje følge med på kven som kjem inn i rommet og kva som går føre seg blant publikum.

I torsdagens møte kom dei med forslaget om å snu bordet 90 grader i rommet, slik at eine kortenden vender mot døra i staden for ein langsida, slik som det er i dag.

– Følte oss utrygge

Ap i Stavanger har fleire aktive kommunalpolitikarar som var til stades på Utøya under terroråtaket i 2011. Bjelland vil ikkje gå inn på kven dei er, men slår fast at representantane ikkje må føle seg utrygge. For nett det gjorde dei for ei tid tilbake.

– Me hadde ein veldig ubehageleg hending i førre formannskapsmøte. Det var mange folk i salen og ein av desse mista eit eller anna i golvet som kunne høyrast som eit skarpt smell. Me kom sidan saman heile gjengen og snakka om dette, og me vart einige om at det ikkje var kjekt, og me følte oss i grunnen ganske utrygge alle saman, seier ho.

Vil ha kartlegging

Ordførar Christine Sagen Helgø (H) går ikkje med på å snu verken bord eller endre plassering langs bordet, utan å greie saka nøye ut. Men ho forstår at tryggleiken til dei folkevalde har blitt ei aktuell sak.

Erfaringane frå Bergen viser det, meiner Sagen Helgø. Der kom ein person inn på rådhuset og hevda han hadde noko farleg i sekken.

– Då vart det gjort ein grundig kartlegging av tryggleiken i Bergen rådhus. Det meiner eg at det er på tide me gjer i Stavanger også, seier ordføraren.