NRK Meny
Normal

Slike reklameplakatar vil MDG ha

Miljøpartiet Dei Grøne vil hjelpe unge jenter til betre sjølvtillit. Difor vil dei ha eit påbod om å merke retusjerte bilete av modellar.

Aksjon mot retusjert reklame

Bilete er henta frå ein aksjon som Ungdom mot retusjert reklame arrangerte i 2011.

Foto: Ungdom mot retusjert reklame

– Denne resolusjonen er eit viktig tiltak i kampen mot det krysspresset som ungdom lir under i dag, seier nasjonal talskvinne for Grøn Ungdom, Anna Kvam.

På landsmøtet laurdag vedtok MDG at dei er for å gjera det ulovleg å ikkje merke retusjerte reklamebilete av modellar. Dersom bileta ikkje er merka, føreslår MDG at dei må bli trukne tilbake, og at dei ansvarlege må bli bøtelagde.

Forslaget fekk brei støtte blant partiets delegatar.

– Det var eigentleg ikkje så overraskande. Det heng nok saman med at snittalderen på landsmøtet er ganske låg, og at dette er ei sak som treff ei nerve hos mange unge, seier Kvam.

Handlar om unge si mentale helse

For hovudargumentet for merking av manipulerte bilete, er å betre unge si mentale helse, fortel Kvam.

Anna Kvam

Nasjonal talskvinne for Grøn Ungdom, Anna Kvam, er glad for at forslaget vart vedteke.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Eg meiner bestemt at dei kommersielle aktørane i reklamebransjen må ta sin del av skulda for at svært mange unge jenter synst at dei er for tjukke, og at mange slit med depresjonar. Statistikken går i heilt feil retning når det gjeld psykisk helse for ungdom, og difor må me også vedta politikk som kan snu den trenden.

– Kan gi betre sjølvtillit

Å merke reklamebiletene trur partiet kan hjelpe unge jenter til å få betre sjølvtillit, fordi dei då vil bli meir medvitne om at idealet som blir presentert i reklamane, ikkje er riktig.

– Det er mange bilete som me ikkje veit er retusjerte, og då sniker det seg inn i underbevisstheita at det me ser er det normale, seier Sara Marie Blichner i Oslo MDG.

No vil dei ta med seg saka inn i valkampen, for å sikre breiare politisk støtte for forslaget.