Hopp til innhold

Håpar å få gamalt lokomotiv «heim» – men jernbanemuseet stiller strenge krav

Det gamle lokomotivet «Hugin», som no står på togstasjonen i Stavanger, skal flyttast ut av avgangshallen. – Flytt det til Egersund, er håpet til ein lokal lokførar.

Created by InfoDispatcher

SNART MÅ DET UT: Det 130 år gamle lokomotivet må snart ut frå avgangshallen på togstasjonen i Stavanger.

Det gamle damplokomotivet «Hugin», eller «Eiegubben» som det vart kalla, har sidan 1976 stått utstilt i avgangshallen på togstasjonen i Stavanger. No skal det ut fordi togstasjonen skal renoverast, og då er det ikkje lenger plass til den gamle slitaren.

Det er Dalane Tidende som skriv om dette i dag.

Det er Norsk Jernbanemuseum på Hamar som eig lokomotivet, og det er truleg dit ferda går for «Hugin». Men lokførar Ståle Helleren frå Egersund, som jobbar i NSB, håpar lokale krefter i heimkommunen kan henta lokomotivet «heim».

For mellom 1944 og 1952 gjekk lokomotivet i rute mellom Egersund sentrum og jarnbanestasjonen på Eie.

– Det hadde vore veldig kjekt om dette flotte lokomotivet kunne blitt stilt ut her i byen, seier Helleren til avisa.

Iver Mathiesen

IVER MATHIESEN

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Iver Mathiesen, eigedomssjef i Rom Eiendom AS, som er eit dotterselskap av NSB, er positiv til at det kan flyttast til Egersund dersom sjansen skulle by seg.

– Me kjem til å stilla oss positive til gode planar i Egersund.

Krev at det skal stå sikkert

Men om det skal bli flytting må det koma gode planar for oppbevaring og vedlikehald, er den klare beskjeden frå Norsk Jernbanemuseum.

– Me er opptekne av at det skal bevarast best mogleg, så det skal leggjast fram eit veldig godt prosjekt om nokon andre skal få det, seier Roar Stenersen, overingeniør i Jernbaneverket og teknisk leiar ved Norsk Jernbanemuseum på Hamar.

– Det er eit absolutt krav at det skal stå sikkert slik det har stått dei siste 40 åra, seier Stenersen til NRK.

Hugin skal hjem til Hamar
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han har ikkje høyrt om interessa frå Egersund denne gongen, men det er ikkje første gongen det har vore snakk om å flytta lokomotivet. Ålgårdbanens vener var på sporet for ei stund sidan, men fekk ikkje tak i eit skikkeleg utstillingslokale.

– Kvar gong det er snakk om at det skal flyttast, så kjem lokale aktørar på bana. Eg ventar også på ein telefon frå Bergen om å få det dit, sidan det gjekk i det området før det var i Stavanger-regionen, seier Stenersen.

Eit nasjonalt klenodium

Stenersen har meir peiling på tog enn dei fleste, og seier «Hugin» er eit nasjonalt klenodium.

– Det vart bygd i 1883 og gjekk på Vossabana før det kom til Stavanger-distriktet i 1904. Det er det mest standardiserte lokomotivet me har hatt i landet, og «Hugin» er eit av 35 lokomotiv av den typen. Det er eit seigliva lokomotiv, og gjekk på alle baner i landet. No er det berre «Hugin» som er att, seier han.

På Hamar har dei utstillingsplassen klar.

– Me kan setja det rett inn i hovudutstillinga utan å gjera dei heilt store endringane, seier Stenersen.

Hugin på Stavanger togstasjon
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Flere nyheter fra Rogaland