Hopp til innhold

Vil gi preikestolturistar helikopter-nekt

Mange klager på støy frå helikopterturar til Preikestolen og Lysefjorden. Nå vil Naturvernforbundet har forbod mot helikopterreiser over turistmagneten.

Helikopter ved Preikestolen.

HELITURISME: Mange vil gjera som Tom Cruise og filmfolket frå Hollywood, og fly over Preikestolen og Lysefjorden i helikopter. Bilete er frå innspelingav av «Mission: Impossible – Fallout» i november 2017.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Det kan vera frykteleg. På det verste klarer me ikkje snakka ute på terrassen på grunn av helikoptertrafikken, seier Magne Jøssang.

Jøssang bur like ved ein av plassane kor helikoptertrafikken til Preikestolen og Lysefjorden tar av og landar.

Nå på vinteren er det stille, men på våren og sommaren blir utekveldar øydelagde av helikopterstøy som kan vara i fleire timar i strekk.

– Støyen er forstyrrande og direkte plagsam, slår Jøssang fast.

Magne Jøssang

Magne Jøssang er plaga med hyppig helikopterstøy fleire dagar i veka i turistsesongen. Huset ligg på Jøssang i Strand kommune, like ved riksvegen der du svingar av til startpunktet for preikestolturen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Mange klager

I sommar var det ny besøksrekord med meir enn 300.000 fotturistar til Preikestolen. Men ikkje alle tar beina fatt.

Dei siste åra har talet på turistar som vil oppleva turistikonet frå lufta auka kraftig, ifølge Naturvernforbundet og lokale bebuarar.

Det er det ikkje berre Jøssang som irriterer seg over.

Naturvernforbundet i Strand, kommunen som overtok Preikestolen frå nyttår, har fått mange klager på helikopterstøyen både frå fastbuande, hyttefolk og turistar

– Helikopterstøyen vil bli meir og meir plagsam dersom dette får halda fram, meiner leiar for Naturvernforbundet i Strand, Egil Tjensvold.

Preikestolen

Besøket til Preikestolen er meir enn dobla dei siste ti åra. Mange vil også oppleva turistmagneten frå lufta i helikopter.

Foto: Paul Kleiven / NPK

Helikopterforbod i Hardanger

Derfor vil Naturvernforbundet ha forbod mot turistflyging med helikopter i heile den nye preikestolkommunen.

Dei viser til Eidfjord kommune i Hardanger som har sagt nei til heliturisme etter eit stort lokalt engasjement.

Egil Tjensvold

Leiar for Naturvernforbundet i Strand, Egil Tjensvold, får mange klager på helikopterstøy og vil ha forbod mot heliturisme i Strand kommune.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Eit forbod vil gjera at dei aller fleste, som ikkje tar helikopter, vil få ein mykje kjekkare og finare oppleving. Dei som tar helikopter og lagar støy og forureining, øydelegg for dei som prøver å ha det fint i naturen, meiner Tjensvold i Naturvernforbundet.

– Men er det ikkje flott at turistar vil oppleva nærområdet ditt, også frå lufta?

– Det kan du gjerne seia. Men at dei få turistane som vil oppleva dette frå lufta skal øydelegga for alle andre, er ikkje flott.

I eit brev sendt til Strand kommune før jul argumenterer han også med at «den sterke helikopterstøyen skader fugle- og dyrelivet ved å stresse og jage dyr og fugler på flukt».

Magne Jøssang støttar eit helikopterforbod for turistar. Han bur like ved riksvegen der du svingar opp til preikestolstien og er mektig lei bråket frå lufta like ved huset sitt.

– Det er vel ikkje berre me som blir plaga? spør han.

– Dei stakkars turistane som skal nyta fredeleg, norsk natur må også bli utruleg plaga, meiner Jøssang.

Politikarane skal vurdera restriksjonar

Ordføraren i den nye preikestolkommunen forstår dei som synst at helikoptertrafikken har blitt i meste laget.

– Innspelet vil eg ta på alvor, seier ordførar i Strand, Irene Heng Lauvsnes (H).

Ho seier kommunen i alle fall ikkje vil at helikoptertrafikken skal auka.

Irene Heng Lauvsnes

Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes lovar ei politisk sak der kommunen vil sjå på sjansane for å regulera turisttrafikken med helikopter.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Det blir også ei politisk sak både om helikoptertrafikk og drone-flyging det kommande halvåret, lovar ordføraren.

– Me må sjå på kva moglegheiter me har for å regulera trafikken og korleis me kan handheva det.

– Ingen auke

Helikopterselskapet Helitrans er blant aktørane som tilbyr helikopterturar frå Stavanger lufthavn til Preikestol-området.

Selskapet reknar med at dei flyr 100-150 turar i løpet av dei fire mest hektiske turistmånadane.

– Ein runde tar ein dryg halvtime og trafikken har ikkje vore aukande for vår del dei siste åra, fortel dagleg leiar Richard Simonsen.