Hopp til innhold

Vil endra fangstregimet for pigghåen

Landets vanlegaste haiart, pigghåen, er kritisk truga. Nå vil foreininga Hjelp Havets Haier gjera det vanskelegare å fiska opp pigghå for yrkesfiskarar.

Pigghå på Jæren

PIGGHÅDYKKING: Foreininga Hjelp Havets Haier vil stramma inn reglane for pigghåfisking for yrkesfiskarar. Biletet er frå pigghådykking på Reve på Jæren i sommar.

Foto: Fredrik Myhre / Hjelp Havets Haier

– Pigghåen er ein av tre norske fiskeartar som er kritisk truga. Det vil seia den mest alvorleg graden før arten eventuelt forsvinn heilt frå havet, seier leiar i foreininga Hjelp Havets Haier, Fredrik Myhre.

På verdsbasis er pigghåen, som kan bli 12–13 kilo tung og opp mot to meter lang, meir truga enn meir kjente artar som panda og tiger, ifølge Myhre.

– Pigghå er på den internasjonale raudlista over truga artar, så arten er svært utryddingstruga.

Totalforbod

Fredrik Myhre

Leiar i foreininga Hjelp Havets Haier, Fredrik Myhre.

Foto: Fredrik Myhre / Hjelp Havets Haier

I dag er det totalforbod mot å fiska pigghå for fritidsfiskarar, men det finst unntak for yrkesfiskarar med garn og line.

15 prosent av bifangsten i løpet av eit halvår, altså fisk fiskarane i utgangspunktet ikkje jaktar på, kan i dag vera pigghå.

Men regelverket er problematisk, ifølge Fredrik Myhre.

– Ifølge fiskarane og våre eigne erfaringar blir det nærast eit ope fiske på pigghå dei periodane haien er i konflikt med fiskarane. Pigghåen går i store stimar eit par gonger i året, nokre få veker om gongen. Det er i desse vekene ein ser at pigghå blir fanga i stort omfang.

(Artikkelen held fram under videoen).

Pigghå på Reve

– Må ta omsyn til fiskarane

Myhre vil derfor redusera prosentgrensa for bifangst, slik at det blir tatt opp færre pigghå frå havet. Men det er ein grunn til at regelverket er slik det er, ifølge Fiskeridirektoratet.

– Me må også ta omsyn til fiskarane, i tillegg til pigghåen. Fiskarane kan ikkje fiska dersom dei ikkje kan risikera å få pigghå. Pigghåen kjem i store mengder og dreg over store distansar. Det vil ikkje vera lett for fiskarane å vita om dei kan setja ut garn dersom dei skal ta omsyn til pigghå, seier rådgivar og juridisk ansvarleg for pigghå i Fiskeridirektoratet, Maja Brix.

– Slit med å følga reglane

Pigghå utenfor Reve på Jæren

Pigghå på Reve på Jæren.

Foto: Fredrik Myhre/Hjelp havets haier

Men reglane kan bli stramma inn dersom Fiskeridirektoratet meiner det blir nødvendig i framtida. Ifølge Norges Fiskarlag er bifangstregimet problematisk.

– Mange fiskarar slit med å halda seg innanfor regelverket på 15 prosent, seier assisterande generalsekretær, Jan Birger Jørgensen.

Han seier òg at situasjonen for pigghåen er betre, ifølge medlemmene hans.

– Mange forstår ikkje at det kan vera så kritisk. Det er ingen vil om at bestanden er større enn for eit par år tilbake, seier han.

Men det finst ikkje nok kunnskap om pigghåen i dag, ifølge Fiskarlaget. Den oppfatninga deler Fredrik Myhre i Hjelp Havets Haier.

– Me ønsker ei merkeordning for pigghå. Ved å merka fisken kan ein få meir informasjon om bestanden og kor den vandrar.

PS: I Ut i Naturen på NRK1 tysdag kveld klokka 19.45 kan du sjå tv-innslag om pigghådykking på Reve.