Hopp til innhold

Universitetsrektor om Klimarealistene sitt tidsskrift: – Det luktar konspirasjonsteori

Rektor kom med tordentale mot tidsskrift på deira eiga lansering.

Klaus Mohn

UiS-rektor Klaus Mohn synte lite entusiasme for Klimarealistene sitt nye tidsskrift då han tala på lanseringsarrangementet.

Foto: Arild Eskeland / NRK

UiS-rektor Klaus Mohn synte lite entusiasme for Klimarealistene sitt nye tidsskrift då han tala på lanseringsarrangementet.

Foto: Arild Eskeland / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

I dag samla Klimarealistene seg i lokale på Universitetet i Stavanger – ein organisasjon som meiner det ikkje finst noko klimakrise.

Her skulle dei lansere sitt eige tidsskrift.

På samlinga heldt rektor ved universitetet Klaus Mohn eit innlegg.

I forkant av arrangementet skapte det sterke reaksjonar, mellom anna frå studentar ved skulen og hans eigne tilsette. Dei meinte det var feil av Mohn å legitimere Klimarealistene med si deltaking.

– Flau over arbeidsplassen min, skreiv ein førsteamanuensis på Twitter før arrangementet.

På talarstolen framføre ein halvfull sal av klimaskeptikarar gav likevel rektoren eit innlegg med fleire stikk til både tidsskriftet og arrangørane.

– Klimarealistene stikk kjeppar i hjula og stiller seg på tvers av det meste av det vi står for her ved Universitetet i Stavanger, sa Mohn.

Hans Borge talar for Klimarealistene ved UiS

Dagleg leiar for Klimarealistene Hans Borge innleia dagens arrangement.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Ønska rektoren skulle kaste glans

Klimarealistene er ein omstridt organisasjon som går imot vitskapleg konsensus på klimaforsking.

Dei meiner mellom anna at det er sola som styrer klimaet og at CO₂ er ein ufarleg og livsviktig gass.

På dagens arrangement lanserte dei sitt eige tidsskrift, og såg positivt på at rektor Mohn skulle delta på arrangementet.

– Vi ynskjer at Klaus Mohn skal kaste glans over arrangementet, sa dagleg leiar i Klimarealistene Hans Borge til utdannings- og forskingsavisa Khrono før samlinga.

Også framstegspartipolitikar Carl I. Hagen, som kallar seg eit ivrig medlem av Klimarealistene, tykte om at rektoren skulle tale på arrangementet.

– Eg tykkjer det er på sin plass at han gjer det. Han bør gjere det for alle som arrangerer større møter, seier Hagen til NRK.

Carl I. Hagen og Klaus Mohn på Klimarealistene sitt arrangement på UiS

Carl I. Hagen (t.v.) og Klaus Mohn sat saman under dei andre talarane på arrangementet.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Meiner tidsskriftet floppar vitskapleg

Mohn seier til Klimarealistene at deira tidsskrift feilar på fleire grunnleggjande vitskaplege prinsipp.

Han tvilar på at dei vil stå for og publisere fri og uavhengig forsking, og meiner redaksjonen ikkje er skikka for å drive eit seriøst tidsskrift.

Dette mellom anna fordi det i innleiinga til det første tidsskriftet vert hevda at vitskaplege tidsskrift over heile verda vert styrt av politiske elitar og at dei ikkje slepp til kritiske stemmer.

– De får ha meg unnskyldt, men dette luktar konspirasjonsteori, seier rektoren frå talarstolen.

Han meiner også at tidsskriftet feilar på noko grunnleggande for vitskaplege publikasjonar: fagfellevurdering.

– Alt i alt må nok lesarar difor konkludere med at Science of Climate Change ikkje møter standardkrav til vitskaplege tidsskrift, seier Mohn.

Som avslutning på innlegget gav han Klimarealistene to råd:

– Definer tidsskriftet som eit medlemsskrift, legg bort dei vitskaplege pretensjonane og ikkje lat som tidsskriftet er noko meir enn det er – eller legg det ned og råd alle innsendarar til å søke publisering i etablerte og velrenommerte publiseringskanalar i staden.

Trass kritikken gjekk rektoren attende til plassen sin til applaus frå salen.

Ueinig, men takksam

– Det var heilt greitt, han sa si meining. At han er ueinig med oss er heilt uproblematisk, seier Borge etter rektoren sin tale.

Han skryt av at Mohn stilte opp på møtet trass kritikken, men er ueinig i rektoren sin omtale av tidsskriftet deira som uvitskapleg.

– Om du ser på kvaliteten på dei innsende bidraga, so er den svært høg. No har eg ikkje hatt tid til å lese alt grundig enno, men vitskapleg sett er alt svært bra, seier Borge.

– Kva tenkjer du om skuldingane om at de er konspiratoriske?

– Eg er ikkje einig. Om han meiner at noko er konspiratorisk, so må han nesten syne til eit sidetal so eg kan få lese det. Eg har enno ikkje sett det sjølv, seier leiaren.

– So du angrar ikkje på at du inviterte Klaus Mohn?

– Å, absolutt ikkje. Eg er veldig takksam for at han kom.

Hans Borge, dagleg leiar i Klimarealistene talar på UiS

Hans Borge er ueinig i kritikken frå Klaus Mohn, men seier han set stor pris på at rektoren møtte opp og talte på arrangementet han var invitert til.

Foto: Arild Eskeland / NRK