– Før invasjonen fekk me 5 til 10 førespurnadar om dagen kor Ukraina eller krig var tema, seier Sigrid Øyen Mull, som er nestleiar for Mental Helse sin hjelpetelefon.
– På invasjonsdagen var me oppe i 200.
Dei har på lik linje med andre organisasjonar sett korleis krigen påverkar den psykiske helsa her i landet.
Invasjon = storinnrykk
– Dei siste to åra har vore ei svært belastande tid for mange. Korona har halde oss veldig travle, og no såg mange fram til lysare tider, seier ein overgitt Lasse Heimdal.
Han er generalsekretær i landet si største døgnopne kriseteneste på telefon og internett, Kirkens SOS.
Lasse Heimdal seier mange er uroa for krig – også i Noreg.
Foto: Tor-Emil Schanche / NRKTidene vart ikkje so lyse som ein såg føre seg.
Han kan fortel at Russland sin invasjon av Ukraina torsdag allereie har ført til ein smell for mange her heime.
– Folk seier det er tøft å sjå det som skjer i nyheitsbildet no. Etter invasjonen er det ein veldig mykje større andel av førespurnadane som går på indre uro knytt til krigen og krig generelt, seier Heimdal.
Han legg til at mange som slit med angst med har fått forsterka dette no.
Allereie før krigen i Ukraina melde dei om eit behov for 400 nye frivillige.
Om lag 300.000 menneske tar kontakt med Kirkens SOS kvart år.
– Det er ikkje mogleg å svara alle som tar kontakt med oss, seier generalsekretæren.
Oppmodar til dugnad
Med den auka arbeidsmengda dei no har grunna krigen, har Heimdal ei oppmoding til alle.
– Ikkje la oss gjere den jobben aleine! Mange er no bekymra og har godt av ein prat, så ver open for familie og vennar, seier han.
At folk er bekymra over krigshandlingane i Ukraina er Den norske kyrkje klar over. Dei tar imot utfordringa frå Kirkens SOS.
Fleire kyrkjer landet over opnar no dørene.
I Tromsø vil domkyrkja vere tilgjengeleg for lystenning og bønn.
Foto: Linda Pedersen / NRK– Veldig mange er redde og fortvila
– Det er ufatteleg å sjå det menneske i Ukraina blir utsett for, seier domprost i Tromsø, Stig Lægdene.
Han har vore i kontakt med Kirkens SOS i Nord-Hålogaland som fortalde han om ein auke i pågangen som følge av krigshandlingane i Ukraina.
– No kan ein komma hit i kyrkja for å tenna lys, møtast for å snakka eller berre vere her, seier Lægende.
– Nokon er også redde for at krigen skal komma hit, seier domprost i Tromsø, Stig Lægdene.
Foto: privat– Me trur veldig mange menneske er leie, redde, sinte og fortvila, seier domprosten.
Går på helsa laus
Den krigsfrykta kan gå utover helsa på mange måtar, seier Sigrid Øyen Mull, nestleiar for Mental Helse Hjelpetelefon.
– Folk slit med alt frå angstanfall til søvnproblem og dårleg appetitt. Det varierer veldig kva folk kjem til oss med, seier ho.
Det er mykje dei skal ta tak i. På ein vanleg dag får dei 1500 førespurnadar. Og krigen blir truleg tema lenge.
– Menneske treng tid på å la ting søkke inn, så det er veldig vanleg at me merkar toppen av slike hendingar etter ein stund, legg ho til.
Sigrid Øyen Mull seier dei også opplever auka trafikk grunna krigsfrykt.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKNo aukar dei bemanninga og oppmodar folk til å ta kontakt, med dei og folk ein har nær, om dei har vanskelege kjensler og tankar.
– Det meste i livet blir enklare når ein pratar om det, seier Mull.