Hopp til innhold

UiS-vinen har fått etikett og namn

Universitetet i Stavanger sin eigen vin har nå fått namn og etikett. Men sjølve vinen er ikkje klar før om to år.

Ny vinetikett

Stavanger-kunstnaren Kjell Pahr-Iversen har dekorert etiketten på UioS si vin, som har fått namn Vitis Ullandi.

Foto: Mathias Oppedal / Kjell Pahr-Iversen / NRK / UiS

Sjølv om innhaustinga av druene som skal bli UiS sin nye økologiske vin ikkje skjer før om to til tre veker, blei vinen i dag døypt.

– Kva skal barnet heita?

– Vitis Ullandi. Vitis fortel noko om kva drueplante vinen kjem frå. UIllandi er frå guden Ull, i tillegg til at garden heiter Ullandhaug økologiske gard. Derfor har namnet lokal tilknyting til Stavanger, men også ein meir historisk klang.

Dette fortel Helge Jørgensen, som er dosent på Hotellhøgskulen ved Universitetet i Stavanger. Det er dei som dyrkar druene og lagar vinen, som ein del av undervisingsopplegget.

20 etikettar klar

– Er det du som er barnets far?

– Far og far, det var i alle fall eg som tok initiativ til at me fekk denne druegarden og vingarden på føtene, seier han.

Ikkje berre fekk vinen namn. Den har i dag også fått etikett. Stavanger-kunstnar Kjell Pahr-Iversen har måla ferdig 20 etikettar.

– Det var veldig spanande, eg var sjølv ein ivrig samlar av etikettar etter krigen, som alle andre ungar, fortel Pahr-Iversen.

– Kva er det motivet på etiketten skal førestilla?

– Eg har prøvd å uttrykka mi gamle glede av vin. Livet blir mykje kjekkare og alt blir betre med eit glas vin. Derfor har eg teikna to planter som veks. Denne veksten og at dei fyller heile formatet er noko vinen gjer i eit glas, seier han.

Skal visa at Stavanger er best

Men som nemnt tidlegare i artikkelen. Vinen er langt frå klar. Ei prøveflaske blei opna for smaking for ei stund tilbake, men først om eit par veker går produksjonen i gang.

– Kva tid kan ein smaka denne universitetsvinen?

– Vinen er først klar når UiS er ti år. Altså om to år. Då skal me imponera dei andre universiteta med eigen vin. Slik kan me visa at Universitetet i Stavanger er det beste, avsluttar Jørgensen.

ARKIV:

Tidligere innsalg fra NRK Rogaland om økologisk vin fra Universitetet i Stavanger.

Arkiv: Økologisk vin frå Universitetet i Stavanger