Hopp til innhold

Denne vinen er laga på eit universitet

Universitetet i Stavanger er det einaste i landet som har vinproduksjon i kjellaren. Målet er at vinen skal nå ut i hyllene til Vinmonopolet.

UiS-vin

Hotellhøgskulen ved Universitetet i Stavanger skal jobba vidare med vinen, før den er klar for Vinmonopolet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ellen Moe
Foto: Mathias Oppedal / NRK

For nokre år sidan planta Hotellhøgskulen ved Universitetet i Stavanger vindruer like ved universitetet.

I dag blei eit lite parti frå dei første 35 vinflaskene testa av vinekspertar.

– Alle vinane er framleis litt uferdige og lite balanserte, men dette er både interessant og gøy, seier Ellen Moe restaurantansvarleg på N.B. Sørensen i Stavanger. Ho var ei av dei som var med i panelet av bransjefolk og vinservitørar som fekk smaka på vinen i dag.

Universitetet vil ha ekspertane med på lag, slik dei kan gjera vinen så god at den kan nå ut til restaurantar, barar og Vinmonopolet. Men hovudpoenget med produksjonen er pedagogisk understrekar førstelektor Helge Jørgensen.

– Studentane skal vera med på luking, hausting og produksjon. På denne måten får dei følgja ein heil prosess frå jord til bord, seier han.

Sjå video:

Universitetet i stavanger produserer, som eneste universitet i Norge, sin eigen vin. I dag fekk vinkelnarar og bransjefolk smaka på vinen for å kunna bidra med vidareutvikling av dei edle dråpane.

VIDEO: Her blir UiS sin eigen vin testa. (På bilete: f.v. Vilde Aga ved Restaurant Straen og førstelektor ved Hotellhøgskulen ved UiS Helge Jørgensen. (Foto: Anders Fehn)

Ikkje klar for restaurantane

– Det er for tidleg å servera dette hos oss, men eg trur det kan bli bra og eg er veldig positiv. Men førebels er vinen uferdig, men etter kvart er det veldig interessant for oss å få den på vinkartet, seier Vilde Aga, som jobbar på Restaurant Straen.

Jørgensen er nøgd med dei ærlege tilbakemeldingane han har fått på vinen.

– Føremålet er at me skal jobba vidare med vinen, derfor er det viktig å ta inn næringa og bransjen allereie nå. Dersom me greier å få dette til, vil det jo vera litt av ein historie dei kan fortelja gjestane sine, om den lokale vinen frå Ullandhaug, seier Jørgensen.

Det blei smakt på tre ulike typar vinar, og tilbakemeldingane var frå lågaste score til vin med eit smakspotensial til å byggja vidare på. Dei ulike typane er ein rosévin laga av Solarisdruer frå hausten 2011, ein mørk raudvin med druer av Cabernet Cortis frå hausten 2012, og ein vin som er laga av fleire ulike druesortar frå hausten 2012.

Jørgensen satsar på at kvaliteten på vinen deira til neste år, skal vera mykje betre.

– Då har UiS 10-årsjubileum. Då satsar me på å servera ein vin som held høgare kvalitet.

Les òg:

– Bør ikkje bli fronta som «universitetsvin»

Rogaland a-senter, som tidlegare har kritisert kjendisvin-konseptet, ser ikkje det store problemet i at universitetet i regionen deira lagar vin i kjellaren, men meiner likevel at dei bør vera varsame dersom vinen skal ut på marknaden.

– Dersom vinen blir fronta som ein «universitetsvin», meiner eg at dei er i grenseland av kva som er ok, seier Ingunn K. Svendsen, spesialrådgjevar ved kompetansesenteret i Rogaland a-senter.

Likevel understrekar ho at det berre er naturleg at ei fagutdanning jobbar for å få best mogleg kunnskap om eit fag, som i dette tilfellet er vinfaget.

Men Jørgensen vil også inn i polhyllene med vinen.

– Eg meiner det litt flott at me har ein eigen vin, og eg er litt stolt. Dersom me utviklar produktet får me større grunn til å vera stolte, og då vil me også satsa kommersielt, avsluttar Jørgensen.

Arkiv: Bli med på vingarden til UiS

Tidligere innsalg fra NRK Rogaland om økologisk vin fra Universitetet i Stavanger.

Arkiv: Økologisk vin frå Universitetet i Stavanger