NRK Meny
Normal

Trur på psykiatriløysing

Ordføraren i Strand trur nå at dei åtte psykiatriske døgnplassane på Jørpeland er redda. Framtida blir avgjort i eit møte den 8. oktober.

Ryfylke Distriktspsykiatriske senter i Strand kommune

Ryfylke Distriktspsykiatriske senter i Jørpeland, Strand kommune

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Det eg har von om er at Strand kommune, saman med Helse Stavanger og Randaberg kommune, kan setje oss ned å sjå på dei reelle utfordringane som ligg i å leggje ned døgnplassane på Jørpeland.

Det seier ordførar i Strand kommune, Helge Steinsvåg (Ap).

Helge Steinsvåg

Helge Steinsvåg, ordførar i Strand (Ap)

Foto: Arbeiderpartiet

Vil flytte til Randaberg

Midt i juli månad kom Helse Stavanger med eit forslag om å flytte åtte døgnplassar for psykiatribehandling frå Strand til Randaberg. Strand og Randaberg høyrer begge til under same paraplyen, Ryfylke Distriktspsykiatriske senter. Helse Stavanger har i lengre tid arbeidd med omorganisering av det psykiatriske helsetilbodet, og meinte at ei styrking av dagpsykiatrien i Strand, kunne vega opp for flytting av døgnplassane.

Inger Kari Nerheim, direktør psykiatridivisjonen ved Universitetssjukehuset i Stavanger

Inger Kari Nerheim, direktør psykiatridivisjonen ved Universitetssjukehuset i Stavanger

Foto: Erik Waage / NRK

– Dette er ikkje innsparing, men omlegging til eit prosjekt me kallar "på heimebane". Det betyr at pasientane skal få hjelp heime i huset sitt, tidlegast mogeleg. Då kan me hindre at sjukdomsutviklinga går så langt at det er nødvendig med innlegging, seier direktør for psykiatrisk divisjon ved Helse Stavanger, Inger Kari Nerheim.

Geografien betyr noko

Dette synet støttar ikkje Strand-ordføraren.

– Dei geografiske utfordringane er viktige, seier Helge Steinsvåg.

Han peikar på at det spesielt på natta er vanskeleg å koma seg over fjorden frå Ryfylke til psykiatrisk avdeling i Stavanger. I tillegg meiner han at det nyoppstarta asylmottaket i Strand, gjer at mange av desse personane har behov for akutt innlegging, fordi dei er traumatiserte frå heimlandet.

Står saman med Randaberg

Steinsvåg fryktar ikkje at politikarane i Randaberg blir motstandarar i kampen for å behalda døgnplassane.

– Eg trur at representantane frå Randaberg kjem til å gå inn i møtet den 8. oktober, og vera samde i at akuttplassane skal vera lokalisert til Jørpeland. For Randaberg vil det alltid vera eit alternativ å få rask hjelp til pasientane sine frå

Laster kart, vennligst vent...

Skal døgnplassane vera i Jørpeland eller på Randaberg?

andre stader på Nord-Jæren, seier Steinsvåg.

Randabergordførar Bjørn Kahrs (H) vil ikkje forskottera kva Randaberg vil leggja seg på.

– Me må finna ei praktisk løysing som løyser både vårt, Hjelmeland og Strand sitt behov. Me må ha eit ope sinn, seier Kahrs.

– Men at me skal fjerna det tilbodet me har no er heilt uaktuelt, held han fram.

Varaordførar i Randaberg, Jarle Bø (Sp), er undrande til korleis SUS tenkjer i denne saka.

– Eg undrar meg over den manglande langsiktige planlegginga SUS gjer her, knytt til desentralisert psykiatrisk senter, fordi dei gjekk nyleg inn i ein ny leigekontrakt med Randaberg kommune, seier varaordførar i Randaberg, Jarle Bø (Sp).