Hopp til innhold

Trudde lemminga var over – så kom fire til

I eit sauefjøs i Suldal kom sju nye ulldottar til verda. Alle frå same mor. Under ein av tusen lemmingar gir så mange lam.

Sju lam i same kull

Sju lam i samme kull er svært uvanleg. Ei søye har berre to spenar, og kan i nødstilfelle klare å gi mat til tre lam.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Albrigt Stokka med to av dei sju lamma til søya Julie

Albrigt Stokka med to av dei seks lamma som overlevde fødselen. Det sjuande lammet var dødfødt.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Etter det sjette lammet tenkte eg ho måtte vere ferdig, men eg syns ho framleis såg litt stor ut. Då kjende eg inni ho, og der var det to bein til.

Albrigt Stokka er sauebonde i Suldal, og laurdag fekk søya Julie på fem år heile sju påskelam. Det eine var dødfødt, men dei resterande lamma var friske og raske.

– Ho fekk det ikkje ut for eigen maskin, ein blir jo ganske utmatta av å føde seks lam. Det siste var og det største, men alle var nesten like store. Ein skulle tru dei var mindre når det er så mange i kullet, seier sauebonden.

Thor Blichfeldt, avlsforsker i Norsk Sau og Geit

Thor Blichfeldt, avl- og seminsjef i Norsk Sau og Geit.

Foto: Norsk Sau og Geit

Uvanleg med så mange lam

Thor Blichfeldt er avlssjef i fagorganisasjonen Norsk Sau og Geit. Han fortel at det er høgst uvanleg at ei søye får så mange lam i eit kull.

– Det er kanskje under promillen av alle lemmingar som gir så mange lam. Det er endå meir uvanleg at så mange klarte seg så bra, og at dei er tilnærma like store som lam i mindre kull.

Han fortel at ein bonde ikkje ønskjer seg så mange lam i kullet. Ei søye har berre to spenar, og kan i nødstilfelle klare å gi mat til tre lam.

– Men ikkje seks lam. Det er ikkje det vi ønskjer oss, men av og til viser naturen variasjon. Folk kan jo få trillingar og.

– Kvifor vil ikkje bønder ha kopplam?

– Det vert så mykje meir arbeid. Det kan gå greitt å ta vare på tre kopplam, men ikkje så mange fleire.

Lam som drikk frå automatisk mjølkemaskin

Tre av lamma vart kopplam. Albrigt tykkjer det ikkje er så ille når han har automatisk mjølkemaskin.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Måtte adoptere

– Det vanlege er jo to og tre lam, og så hender det at det kjem fire og fem. At det kom sju lam er svært uvanleg, særleg sidan ho var befrukta på den «vanlege» måten med vær og heile pakka.

Stokka seier seg nøgd med årets lemming. Julie kunne ikkje ta vare på så mange lam, så sauebonden måtte adoptere bort fire av lamma.

– Eg sette eine lammet til ei søye som berre fekk eit lam i år, og så har eg tre kopplam til overs. Dei går saman med dei andre kopplamma, og der forsyner dei seg sjølv med mjølk frå mjølkeautomaten når dei vil, så det går eigentleg veldig greitt.

Og bonden er ikkje i sorg over dei ekstra lamma.

– Julie hadde fått til saman sju lam tidlegare, så det blei dobling i år!