NRK Meny
Normal

Trekk seg som gruppeleier - framleis ordførarkandidat

Tore B. Kallevig hadde bestemt seg før han kom på gruppemøte måndag kveld. Beskyldningane om at han har tatt opp samtalar har gjort det vanskeleg for gruppa å fungere, seier han.

Morten Larsen og Tore B. Kallevig kjem ut etter møtet

Fylkesleiar Morten Larsen og tidlegare gruppeleiar for Frp i Stavanger, Tore B. Kallevig.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Rett før klokka 23.30 kom Tore B. Kallevig saman med leiar i Stavanger Frp, Morten Larsen, ut frå Framstegspartiet sine lokale i Sverdrupsgata 23. Kallevig kunne då fortelje at han alt i starten på møtet hadde gitt beskjed om at han kom til å trekkje seg som gruppeleiar.

Tore B. Kallevig trekk seg frå vervet som gruppeleiar i bystyregruppa for Frp i Stavanger

Tore B. Kallevig var ikkje lengre gruppeleiar, då han kom ut frå møtet rett før midnatt.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det som dessverre har gått føre seg i aukande grad i media den siste veka, har gjort det vanskeleg for gruppa å fungera godt, seier Kallevig.

Som leiar av bystyregruppa var han komen fram til at det var han som måtte sjå på heilskapen og ta eit grep for å få fokus på politikken og ikkje på person.

– Derfor sa eg til gruppa nå i kveld at eg trekk meg som gruppeleiar, seier Kallevig.

– Er du ennå ordførarkandidat?

– Det er eit interessant spørsmål, som eg må få lov til å koma tilbake til.

Endringar i bystyregruppa

Den som nå blir fungerande gruppeleiar er Leif Arne Moi Nilsen.

Sissel Stenberg og Leif Arne Moi Nilsen i Stavanger Frp

Sissel Stenberg er nestleiar i Stavanger Frp. Leif Arne Moi Nilsen er foreløpig ny gruppeleiar.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Gruppestyret skal snart koma saman og bestemme endeleg kven som blir ny gruppeleiar, seier leiar i Stavanger Frp, Morten Larsen

Opptak av telefonsamtalar

Det som felte Tore B. Kallevig, som gruppeleiar, var opptak av samtalar han har hatt med folk på telefon. Han er skulda for å ha tatt opptak av politiske samtalar, utan å ha opplyst om at han gjorde det.

LES OGSÅ: Usikker fremtid for Frp-topp

Kallevig har tidlegare nekta for at han har gjort noko slikt, og held fast på den forklaringa, også etter møtet, måndag kveld. Men han vedgår også at det er andre medlemmar i gruppa som ser alvorleg på det han har gjort.

– Det var tydleg at det var misnøye i gruppa med det som har skjedd, avsluttar Kallevig.