Trafikkulukke i Nordfjord
Naudetatane rykka ut til ei trafikkulykke på rv. 15 ved Oppstrynsvatnet i Stryn. Det var ein varebil og ein personbil som frontkolliderte. Det var ein person i kvar bil. Ein av dei blei sende til sjukehus med ambulanse. Det er ikkje mistanke om ruskøyring, men eitt førarkort er beslagd, opplyser politiet.