Hopp til innhold

Langvarig tørke kan gi dyrare straum

Straumprisane har gått litt opp som følge av tørken i juni. Men det må bli tørke ei god stund til før det er snakk om ei kraftkrise, ifølge kraftselskapa.

Blåsjø-magasinet

Den tørre juni månaden me har lagt bak oss har ikkje ført til nokon kraftkrise. Men dersom tørkeperioden blir forlenga, kan det bety dyrare straum. Bilete er frå Blåsjø-magasinet i Ryfylke i juli 2011.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

– Me må nok ha tørke i fleire månadar til før vassmagasina går tomme og me begynner å bli bekymra, seier Sigve Ekeland, leiar for kraftforvaltning i Lyse Produksjon.

Mykje snø i fjellet i vinter og kraftig snøsmelting i Sør-Norge den seinare tid gjer nemleg at vassmagasina er godt fylte opp, trass lengre tids tørke.

Har unngått vasstap

Juni månad i Lysebotn var den tørraste sidan 1902. Berre 13 mm nedbør blei målt i løpet av månaden, ifølge Lyse.

Olav Linga

Olav Linga, administrerande direktør i Haugaland kraft.

Foto: Haugaland Kraft

– Den tørre juni månad me har lagt bak oss har bidratt til å stabilisera situasjonen. Me har gått frå ein periode med svært mykje snøsmelting og veldig låge kraftprisar til at produsentane har fått meir kontroll på vatnet og prisane har gått litt opp igjen, seier Ekeland.

Han seier kraftprisane til Lyse er historisk låge. Og at dei vil halda seg låge eller moderate, med mindre me opplever langvarig tørke.

– Prisane hadde nok vore ekstra låge dersom me hadde lagt bak oss ein våt periode. Men tørken har gjort at me har unngått vasstap i magasina og det er bra for kraftselskapa, seier Ekeland.

Lågaste prisar på fleire år

Heller ikkje hos Haugaland kraft får tørken dei store konsekvensane ennå.

– Magasinfyllingane er litt over det som er normalt for denne tida. Men det er klart at dersom tørken held fram, kan det bety at prisane går litt opp, seier administrerande direktør i Haugaland kraft, Olav Linga.

Linga seier det er godt nytt for kundane at det er rikeleg med vatn i magasina.

– Det betyr at straumprisane held seg veldig låge. Nå om dagen har me dei lågaste prisane på fleire år, seier han.