Hopp til innhold

Tilbake på fjellet der familien mista livet

For fem år sidan mista fire skituristar livet ved Taumevatn i Sirdal. I dag var barna til to av dei omkomne tilbake på staden, for å minnast og for å finna svar.

Johanna og Jan Brüger ved minneplakaten

Johanna og Jan Bürger var i dag til stades under minnemarkeringa på Taumevatn.

Foto: Erik Waage / NRK

– Dei hadde planlagt turen lenge, og dei trente på ski heile tida, seier Johanna Bürger.

– Dei elska denne staden, det var deira andre heim, seier halvbroren hennar, Jan Bürger.

Dei sitt i sofaen på Taumevasshytta i Sirdal. Framføre seg har dei hytteboka frå 2011. Under datoen 12.02 kan dei lesa namna til deira nærmaste.

Johanna og Jan Brüger

Johanna og Jan Bürger ser i hytteboka. Der finne dei namna til deira familiemedlemmar som mista livet på fjellet i Sirdal.

Foto: Erik Waage / NRK

Mor, far, syster og svoger var alle her den dagen for fem år sidan. Hadde ting gått etter planen ville også Johanna sitt namn stått der.

– Me reiste på skiturar annakvart år. Eg var alltid med. Men kort tid før me skulle dra blei eg sjuk, seier Johanna.

– Mora gjorde det ho kunne for å få ho frisk, men det gjekk ikkje. Og det var grunnen til at ho ikkje reiste den gongen, seier halvbroren.

I hytteboka står det at dei fire familiemedlemmane deira hadde planar om å gå til hytta på Storevatn dagen etter. Men dit kom dei aldri.

Ein stor tragedie

17.02.2011 kjem det inn ei melding til lensmannen i Sirdal.

Ein familie på tur hadde funne ein død person på isen på Taumevatn.

– Me hadde ikkje fått melding om at nokon var sakna, så me visste ikkje kva dette var. Så me køyrde opp til staden. I hytteboka på Taumevasshytta las eg at det var fire utanlandske namn. Eg hugsar at eg sa til min kollega, at dersom det var ein av dei me fann, så ville dette vera ein stor tragedie, fortel lensmann i Sirdal, Egil Netland.

Det var ein av dei fire som vart funnen på isen. Og det tok ikkje lenger enn halvannan time før dei fann to til som var omkomne. Den siste turgåaren fann dei først i slutten av mai, etter at frivillige hadde leita i fleire månadar.

Taumevatn

Her på Taumevatn i Sirdal mista tre tyske og ein britisk statsborgar livet i 2011.

Foto: Erik Waage / NRK

Nådelaust vintervêr

Turen frå Taumevasshytta til Storevatn er på rundt sju kilometer, og skulle ikkje ta meir enn eit par timar. Men på vegen møtte dei fire skituristane eit forrykande uvêr.

– Vêret har nok vore så så ille at dei ikkje har sett nokon ting. Og dei har nok ikkje visst kvar dei var. Uvêret varte i fleire dagar, så dei hadde eigentleg ikkje ein sjanse, seier Netland.

Dei vart funne nokre få hundre meter frå kvarandre. Den nærmaste var berre om lag 800 meter frå Taumevasshytta.

– Det var ei sak som gjorde veldig inntrykk både på meg som lensmann, og dei frivillige, seier Netland.

Minnemarkering

For å minnast den tragiske hendinga vart det i dag avduka ein minneplankett i nærleiken av Taumevatn.

Til stades var fleire av dei som var med på leiteaksjonen, lensmannen og Jan og Johanna Bürger.

Minnemarkering Taumevatn

I dag var det minnemarkering ved Taumevatn. Fleire av dei som deltok i leiteaksjonen i 2011 var til stades.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det er godt å koma hit og få fakta om kva som skjedde. For me fekk veta lite om det i Tyskland. Og når eg sjølv har sett fjella, skjøner eg også kvifor dei elska å koma hit til dette området, seier Jan.

For Johanna, som i 2007 var på tur i dette området med foreldra, har det vore godt å koma tilbake og sjå at det framleis er ein vakkar stad. Men ho er glad for at ho ikkje blei med i 2011.

– No kjenner eg meg ganske heldig som ikkje blei med på den turen, seier Johanna.

Minneplate avduket ved Taumevatn

Sjå TV-reportasjen frå avdukinga av minneplata ved Taumevatn.