Hopp til innhold

På denne arbeidsplassen nektar dei å bruke toaletta

Taxisjåførane ved Stavanger lufthavn på Sola tissar heller i buskar, bak bilar, eller på toalett på turen enn i toaletta Avinor har gitt dei.

Toaletter ved taxidepot Stavanger lufthavn Sola

Ver så god. Skal det vere ein tur på toalettet på jobben din? Slike syn møter ofte drosjesjåførane på flyplassen Sola, Stavanger lufthavn.

Foto: Tipsar

– Me har aldri sett ein einaste reinhaldsarbeidar der. Det ser heilt jævlig ut.

Det seier ein taxisjåfør til NRK. Han er ofte innom Stavanger lufthavn på jobb, og det er også han som har sendt NRK bileta av toaletta.

Før hadde me skikkelege fasilitetar, og du kunne kjøpe brus og kaffi.

Men no har desse blitt flytta til ein annan stad ved flyplassen, og dei består av fire festivaldoar på ein tilhengjar.

Forbundet kjem til å følgje opp

Ifølgje taxisjåføren er det så ille at sjåførane ikkje ein gong vil gå inn på toaletta. Ifølgje han finn dei fleste andre plassar å gå.

Damene er det ekstra gale for, menn kan trass alt stå. Å setje seg ned der inne, er ikkje noko å tenkje på.

Toaletter ved taxidepot Stavanger lufthavn Sola

Slik kan dert sjå ut på toaletta ved taxidepotet på Stavanger lufthavn.

Toaletter ved taxi depo Sola lufthavn

Slik kan dert sjå ut på toaletta ved taxidepotet på Stavanger lufthavn.

Toaletter ved taxi depo Sola lufthavn

Slik kan dert sjå ut på toaletta ved taxidepotet på Stavanger lufthavn.

Toaletter ved taxi depo Sola lufthavn

Slik kan dert sjå ut på toaletta ved taxidepotet på Stavanger lufthavn.

Toaletter ved taxi depo Sola lufthavn

Slik kan dert sjå ut på toaletta ved taxidepotet på Stavanger lufthavn.

Toaletter ved taxi depo Sola lufthavn

Slik kan dert sjå ut på toaletta ved taxidepotet på Stavanger lufthavn.

Ifølgje han har Avinor fleire gonger vore ved depotet, mellom anna for å plukke sneipar.

– Vi er oppgitte, det er ei stor skam.

Dagleg leiar i Norges Taxiforbund i Rogaland, Henning Karlsen, fortel at dei har hatt møte med Avinor om forholda.

I møtet fortalde Avinor at det var avtale om reingjering ein gong i veka.

Ifølgje taxisjåføren blir toaletta berre tømt ein gong i veka, men ikkje reingjort.

Eg forstår taxisjåførane sin irritasjon i høgaste grad. Vi kjem til å følgje det opp, seier Karlsen.

Henning Karlsen

Henning Karlsen i taxiforbundet forstår godt at sjåførane ikkje vil bruke toaletta ved flyplassen.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Han trur også at taxisjåførane bruker toalett andre plassar viss dei kan.

På sommaren var det ei forferdeleg lukt der inne sidan det ikkje er avtrekk. Det burde jo også vere eitt toalett for damer og eitt for menn, seier Karlsen.

I møtet Norges Taxiforbund hadde med Avinor lova selskapet at dei skulle sørgje for at det vart vaska oftare.

Dei såg problemet. Det bør ikkje sjå sånn ut, og det er trist at det er slik.

Vil auke reinhaldet

Lufthamndirektør Anette Sigmundstad synest ikkje det er greitt at toaletta ser ut som på bileta.

Samstundes er det ikkje ei tilbakemelding dei har fått før.

– Me har reinhald ein gong i veka. Bosset blir tømt oftare enn det, fortel ho.

I det siste har fleire taxiar enn vanleg oppheldt seg i området. Grunnen skal vere tekniske utfordringar med systemet som kallar taxiane bort til taxihaldeplassen.

I perioden me ser ei auke i antal taxiar som står på området, vil me auke frekvensen på reinhald.

Men at toaletta er i slik stand, meiner ho ikkje er Avinor sin feil.

Dette er ein fortvilande situasjon, men så lenge dei som nyttar toaletta ikkje klarar å halde det ryddig, er det vanskeleg å finne ei løysing. Me er heilt avhengige av at brukarane også tek ansvar for å halde fasilitetane i god orden.

Ifølgje lufthamndirektøren har det vore utfordringar med taxidepotet på Stavanger lufthavn i fleire år.

Då sjåførane hadde opphaldsrom og toalett, gjekk det heller ikkje lang tid før dei blei tilgrisa. Utfordringane blei teke opp med næringa utan betring. Då depotet blei flytta, bestemte flyplassen seg for å berre setje opp festivaldoar.