Hopp til innhold

– Fødselsraten i Noreg er den lågaste nokosinne

Etter eit oppsving under pandemien, er talet på fødslar i Noreg nok ein gong rekordlågt. Ein av grunnane kan vere dei høge bustadprisane, trur forskar.

Josip Dragan Bogdanovic og Malene Hassel Sørensen saman med Josefine.

Tre dagar gamle Josefine saman med foreldra Josip Dragan Bogdanovic og Malene Hassel Sørensen.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Det kunne godt ha kome før. Men me er veldig glade for at det skjedde nå, og at pappa fekk vera med på alt.

Det seier Malene Hassel Sørensen. Ho og Josip Dragan Bogdanovic har i sommar blitt foreldre for første gang.

Men nyfødde barn er det færre av.

I første kvartal i år blei det fødd snaue 900 færre barn enn same tid i 2021.

Låg fødselsrate

– Fødselsraten i Noreg er den lågaste nokosinne.

Det seier Anders Sønstebø frå SSB. Som demograf er han spesialist i folkeutvikling.

I 2021, under pandemien, steig fruktbarheita i Noreg for første gong på 12 år. Då blei det fødd om lag 56.000 barn. Ca. 3000 fleire enn året før.

Men den oppgangen var kortvarig.

I første kvartal i år var det færre fødde enn nokon gong til same tid sidan SSB byrja føre slik statistikk i 1997.

Ei lang liste grunnar

Vegard Fykse Skirbekk har arbeidd med temaet i mange år, både i Noreg og internasjonalt, og har nyleg skrive bok om nedgangen i fødslar.

No er han forskingsleiar ved Senter for fruktbarheit og helse (SFF) ved FHI – eit senter som mellom anna forskar på grunnane til og konsekvensane av at færre barn vert fødd.

Han seier at der er mange grunnar til at talet på fødde går ned. Mellom anna vert prevensjon stadig betre og meir brukt og me tek stadig lengre utdanning, noko som gjerne utset barnefødslar, i alle fall internasjonalt sett.

Vegard Fykse Skirbekk

Vegard Fykse Skirbekk har mange års forsking og arbeid bak seg kring nett talet på fødde.

Foto: Bente Wallander

I tillegg meiner han at det dei siste tiåra har skjedd store endringar i samfunnet kring mellom anna sekularisering som kan bidra til lågare fødsletal.

– I eit norsk perspektiv vil eg også framheva dei veldig høge bustadprisane me har, som gjer at det kan vere veldig vanskeleg for unge å etablera seg og danna familie, seier Skirbekk.

Mange kvinner, særleg i Noreg, ventar også lenger med å få sitt første barn no enn før, fortel han.

Forsking, både internasjonalt og ved SFF, held stadig fram for å kartleggja kva som skjer når færre vert fødde.

– Men dette temaet forsvinn ikkje med det første, seier Skirbekk.

Les også Gravid bonde: – Jeg er avhengig av at familien stiller opp på dugnad

Lilly Kleppa ved Livets tre på fødeavdelinga i Stavanger.

Avdelingsjordmor på sjukehuset i Stavanger, Lilly Kleppa, viser Livets tre. For kvar fødsel festar dei eit nytt blad på greinene. I første halvår i år festa dei 2010 blad, 171 færre enn året før.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Kostbare tiltak

– Om ein ser på stoda no, so er det jo stadig færre yrkesaktive som skal sørgja for ei stadig aukande eldre befolkning. Det er jo ungane som vert fødde i dag som skal sørgje for velferdstenestene i framtida, seier Margret Hagerup (H).

Ho sit på rogalandsbenken på Stortinget og har engasjert seg før i fødsletalproblemet.

I tillegg har ho sjølv fire ungar.

Margret Hagerup

– Vi skal ikkje mange år fram i tid før det er ei stor utfordring at vi har for få yrkesaktive, seier stortingsrepresentant og firebarnsmor Margret Hagerup.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me vil sørge for at fleire ungar får tilbod om barnehageplass når dei fyller eitt år, eller etter at permisjonstida er over, seier høgrepolitikaren.

Ho seier dei også har programfesta sjølvstendig oppteningsrett for fedrar.

– Båe desse tiltaka vil jo koste ein del pengar, men spørsmålet er om vi har råd til eit samfunn der det ikkje går an å få barn og kvinner vegrar seg for å ta jobb, fordi belastinga vert for stor når du må ha ulønt permisjon medan du ventar på barnehageplass, seier Hagerup.

Les også Når det er tabu å få barn

Tonje Frøystad Garvik og Lene Sleperud.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe har merka seg at tala er på veg ned. Ho peikar på at regjeringa jobbar for å legge til rette slik at dei som ynskjer å få barn, kan få barn.

– Det er viktig å legga til rette for at dei som ynskjer å få barn, har gode velferdsordningar. Blant anna med god barnehagepolitikk. Me har innført billigare barnehagar og gratis SFO for 1.-klassingane, seier Toppe.

Vil ha fleire barn

Tre dagar gamle Josefine ligg trygt i armane til far sin. Malene H. Sørensen er veldig fornøgd med opphaldet på sjukehuset.

– Etter denne opplevinga har eg jo lyst til å gjera det igjen allereie, ler den nybakte mora.

– Me kan vente litt. me treng litt meir tid for å kome oss, svarer faren.