Hopp til innhold

Sveltestreikar for retten til å bli

Asylantar ved Sana flyktningmottak på Moi i Rogaland nektar å gi opp håpet om ei framtid i Norge.

Tomic Miodrag

Tomic Miodrag har fått avslag om opphald i Norge. Nå vil han svoltestreika for retten til å bli i landet.

Foto: Øystein Ellingsen

Etter at 53 serbarar blei heimsende frå Norge forrige helg, er nå asylantane på Moi klare for å sveltestreike for å bli i landet.

19 serbarar ved mottaket har fått endeleg avslag om opphald i Norge. Ein av dei er Tomic Miodrag. Opptøya ved Fagerli ventemottak i Nannestad har gjort så sterkt inntrykk at han nå vil nekta å eta dei næraste dagane.

- Berre små barn kan eta under aksjonen som tek til i morgon eller torsdag, seier han.

Nervøs og redd

Daniella

Daniella er mor til eit barn på 13 månader. Nå må ho kanskje tilbake til Serbia mot sin vilje.

Foto: Øystein Ellingsen

Fleire av småbarnsfamiliane ved mottaket held snart ikkje ut lenger på asylmottaket. Daniella er mor til eit barn på 13 månader. Også ho er klar til å gå til aksjon.

- Eg er nervøs og redd, seier ho.

Men leiar for flyktningemottaket, Unni Kjørberg Mydland, gir dei aksjonerande serbarane lite håp om å få bli i Norge.

- Eg trur ikkje dei kjem til å få opphaldsløyve, slår ho fast.

- Men det er ikkje lenger krig i Serbia. Kva er det dei fryktar?

- Mange har budd lenge i flyktningleir. Dei veit at dei ikkje har nokon plass å komma heim til, seier ho.

Får 10.000 frå UDI

UDI gir dei som vil reisa frivillig tilbake til Serbia 10.000 kroner kvar. For Tomic og familien på fem vil dette halda til eit knapt år, ifølge Mydland.

- Den nervøse stemninga vil halda fram til serbarane reiser frivillig heim eller til politiet kjem og hentar dei. Situasjonen er ugrei for asylantane, seier Mydland.

Sana flyktningmottak

Sana flyktningmottak på Moi i Rogaland.

Foto: Øystein Ellingsen