Hopp til innhold

Aksjonerte mot bygg- og anleggsbransjen – fann mykje snusk

Tal frå A-krim i Rogaland sin storaksjon mot bygg- og anleggsbransjen i vår syner at så mange som ein av fire kontrollerte verksemder braut regelverket.

Bortviste etter kontroll

VIST VEKK: Desse to var i gang med å mala ein privat bustad i Stavanger då A-Krim-gruppa slo til. Dei er mistenkt for svart arbeid, i tillegg til at dei mangla HMS-kort som skal identifisera arbeidaren og fortelja kven som er arbeidsgjevar.

Foto: A-KRIM

Samarbeidsgruppa A-krim som består av Arbeidstilsynet, Skatteetaten, politiet, NAV og lokale kemnerar hadde storaksjon i fleire fylke i mai. I Rogaland har dei nå gått gjennom resultata og systematisert. Resultatet er urovekkande ifølgje talspersonen.

– Det blei kontrollert 214 firma og 428 personar som hadde oppdrag på 162 adresser. A-krim Rogaland har undersøkt resultata og det viser seg at 26 prosent av dei kontrollerte verksemdene hadde meir enn eitt forhold som knyter verksemdene til kriminalitet, seier felles talsperson for A-krim Rogaland, Gro Ellingsen.

Svart arbeid

34 verksemder er mistenkte for å driva med svart arbeid, noko av det som dei ser på som mest alvorleg. Kvar femte arbeidstakar blir nærmare undersøkt for å finna ut om de har teke imot løna «svart» og 34 verksemder er mistenkt å ha ikkje ha betalt meirverdiavgift.

Den store bekymringa her er at tala nesten er uendra samanlikna med ein tilsvarande kartleggingsaksjonen i fjor.

– Sjølv om dei aller fleste følgjer regelverket viser aksjonen oss at det er mange verksemder som ikkje ønsker å innretta seg etter lovverket. Svart arbeid eksisterer fordi nokon vel å nytta seg av det. Dette bidreg til at arbeidstakarar blir utnytta. Det fører også til konkurransevriding og unndraging av skattar og avgifter som skal gå til fellesskapet, seier Ellingsen.

Ho meiner at forbrukarane må gi eit klart nei til svart arbeid.

– Dersom ein aktør tilbyr deg å pussa opp bustaden din mykje billegare enn konkurrentane, er det stor risiko for at det involverer svart arbeid. Som kunde bør du alltid be om kvittering og hugsa å betala med kort, seier ho.

Resultata har gitt A-krim Rogaland svar på korleis dei vil jobba framover.

– Me kjem til å prioritera innsatsen mot privatmarknaden framover, seier ho.