Hopp til innhold

Burettleiar hjalp Sigurd André til eigen adresse

Med hjelp av små grep har Sandnes på halvanna år fått 66 færre utan eigen heim i kommunen. Samstundes har dei spart 10 millionar kroner.

Boveileder Hilde Werness og Sigurd André Rønne

Sigurd André Rønne takkar burettleiar Hilde Werness for hjelpa. Hun hjelpte ham da han verken hadde bustad eller jobb. Nå har han begge deler og greier seg utan støtte frå Nav.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Ågot Vatnedal

Avdelingsdirektør i NAV Sandnes, Ågot Vatnedal, seier at ein heim er eit basisbehov.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Rita Eritsland er ei av to nye burettleiarar i Sandnes kommune. Stillingar som har blitt oppretta for å hjelpa folk frå mellombelse bustader over til den ordinære leigemarknaden.

–Eg vil sjå at det har betydd veldig mykje, seier Sigurd André Rønne.

–Frå eg fekk meg fast bustad, så har kvardagen blitt meir positiv. Eg har initiativ til å komma meg ut i jobb, og. Eg var svært lei meg der eg var i den midlertidige bustaden, seier Rønne.

På berre halvanna år har talet på personar og familiar utan fast plass å bu gått frå 97 til 31, og kommunen har spart 10 millionar kroner i utgifter til mellombelse bustader. Familiar med til saman 40 born har fått hjelp.

Matchar utleigarar og bustadsøkjarar

– Me var ein av dei kommunane i Norge med størst utfordringar i samanheng med mellombels overnatting. Dette er NAV sitt ansvar, og me såg at me måtte hjelpa brukarane på ein betre måte enn me hadde gjort fram til då, seier avdelingsdirektør i NAV Sandnes, Ågot Vatnedal.

Derfor søkte dei, og fekk prosjektmidlar frå fylkesmannen, til å tilsetja dei to burettleiarane.

– Me bruker tid på å vera med på visingar og snakkar med utleigarane på førehand. Me matchar eigentleg utleigarar og bustadsøkjarar, seier ho.

Familiar med til saman 40 barn har fått hjelp til å få seg ein heim, noko som kan føra fleire gode ting med seg.

– Har me ein trygg stad å bu så kan me kanskje finna oss ein jobb, starta på skule og kanskje også få ein tryggare familiesituasjon, seier Vatnedal.

Nå kan dei NAV-tilsette hjelpa folk før dei får store problem.

– Det er jo slik det bør vera. Me kan konsentrera oss om førebygging og hjelpa folk med å få ny bustad før dei eventuelt blir mister den første, seier Vatnedal.

Rønne flytta frå midlertidig bustad til fast leilegheit i april, og fekk seg full jobb frå 1. juni.

–Eg er ikkje i kontakt med NAV lenger, eg får ikkje støtte av dei lenger, eg klare meg 100 prosent sjølve no, seier Rønne.