Hopp til innhold

Studiet forsvann medan dei studerte

Lærarstudentar i Stavanger fekk plutseleg beskjed om at studiet dei hadde søkt og komne inn på, ikkje fanst likevel. Studentane er fortvila og føler seg lurt.

Lærerstudenter

FØLER SEG LURT: Lærarstudentane Oddny Margrethe Lilleaas, Linnèa-Elise Asheim og Gina Nesbø føler seg lurt av Universitetet i Stavanger.

Foto: STINE BÆKKELIEN / NRK

– Eg studerer i Stavanger for å ta ein master i spesialpedagogikk. Når universitetet ikkje lengre tilbyr det, trass i det som står i programplanen, så føler eg meg lurt, seier lærarstudenten Linnèa-Elise Asheim.

Ho og dei andre studentane som søkte seg til Universitetet i Stavanger (UiS) for å ta mastergrad i spesialpedagogikk, er sjokkerte.

Utan varsel fjerna UiS denne masterfordjupinga. Plutseleg var studiet kalla profesjonsretta pedagogikk, men dette fekk ikkje studentane informasjon om på førehand.

– Me trudde at berre namnet var endra, men no har me funne ut at det er eit heilt anna fag enn det me hadde søkt oss til, seier Oddny Margrethe Lilleaas.

Lærarstudentane har nett byrja på det fjerde av ti semester på lærarutdanninga ved UiS.

– Hadde eg visst på førehand at universitetet skulle fjerne denne mastergraden, kunne eg søkt meg til Oslo eller Trondheim i staden for, seier Gina Nesbø.

Det var Khrono som først skreiv om endringa for masterstudentane.

Store konsekvensar

Endringa kan få store konsekvensar for studentane. Dei fryktar at dei kjem til å stille dårlegare blant andre jobbsøkarar dersom dei ikkje får ta master i spesialpedagogikk.

– Det er stor etterspørsel om spesialpedagogar i skulane. Me vil hjelpe til, men får ikkje den kompetansen me treng, seier Asheim.

Uis Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ifølge studentane har utdanninga sine leiarar sendt ein e-post til studentane kor dei skriv at spesialpedagogar ikkje har ein beskytta tittel. Det opplev studentane som useriøst av universitetet.

– Kven vil vere spesialpedagog utan å ha fagleg grunnlag? spør Lilleaas.

Endringa rammar studentar frå 2017 og seinare. Dei siste åra har UiS opplevd ei auke blant søkjarar til masterfordjupinga spesialpedagogikk. I år er det 22 studentar som fordjupar seg i emnet ved UiS.

Mangelfull informasjon

UiS innrømmer at det har skjedd ein glipp i informasjonen.

– Det beklagar vi, seier instituttleiar for grunnskulelærarutdanninga, idrett og spesialpedagogikk, Lars Rune Waage.

Instituttleiar Lars Rune Waage

BEKLAGAR: Instituttleiar Lars Rune Waage synest det er synd at studentane føler seg lurt.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Frå hausten 2017 innførte regjeringa femårig masterutdanning for grunnskulelærarutdanninga. Dette utdanningsløpet hadde meir fokus på pedagogikk. UiS valde difor å endre namn frå spesialpedagogikk til profesjonsretta pedagogikk. Waage trur fleire universitet og høgskular kjem til å endre namn på masterfordjupinga.

– Vi følte at dette namnet var meir i pakt med signala som kom frå departementet, seier Waage, som ikkje avviser at namnet kan endres tilbake.

Etter klager frå studentane skal instituttrådet ta opp saken i løpet av veka.

Studentane håpar saka blir løyst, og at dei får tilbake tilbodet dei var lova. Om ikkje har dei vore inne på tanken om å bytte universitet, men ynskjer helst at saka skal løysast utan at dei treng å flytte til ein annan by.

– Eg kunne sikkert flytta til andre byar for å få den mastergraden eg vil ha, men då ville eg gjort det på eigne premissar. Ikkje fordi eg ikkje har noko val. Eg trivst jo i Stavanger, seier Nesbø.

Flere nyheter fra Rogaland