NRK Meny
Normal

Storfisk på Hall Toll

Eit beist frå Biscayabukta kom til Gastronomisk Institutt, onsdag morgon. I kveld skal beistet på Gladmatfestivalen, som æresgjest.

Kokk Gunnar Hvarnes skjer opp tunfisken på 55 kilo

Kokk Gunnar Hvarnes skjer opp tunfisken på 55 kilo

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Ein 55 kilo tung tunfisk, type Blue fin marlin, kom flybåren til Gastronomisk Institutt på Ullandhaug i Stavanger, onsdag morgon.

Til kvelden er tunfisken æresgjest i ein sjurettars meny på restauranten Hall Toll i Stavanger.

Tunfisk på 55 kilo

Tunfisk på 55 kilo

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Den menyen skal Gastronomisk Institutt stå for og tunfisken skal grillast. Men kanskje ikkje i eitt stykke....?