Hopp til innhold

Stolen frukt fjerna

Det er ikkje lenger muleg og plukka med seg gratis bananar for turgåarane ved Mosvatnet i Stavanger.

Frukttre Mosvatnet

Den stolne frukta som blei hengt opp rett ved 'tutte-treet' ved Mosvatnet er i dag fjerna.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Det var i går 250 kilo med frukt blei stolen frå Vervik gård på Revheim, og hengt opp i fleire tre i Mosvannsparken i Stavanger. Truleg var det russ som stod bak frukt-tjuveriet.

- I går kveld blei all frukta fjerna. Dersom me ikkje hadde gjort det, ville den fort rotna, seier Stefan Kunnas ved Vervik gård.

Uvanlig frukttrær ved Mosvatnet

Slik såg det ut etter at frukta hadde blitt hengt opp i trea i går.

Foto: NRK: Øystein Otterdal

Rett på dunga

Nå går kvar einaste stolen kilo med eple, bananar, pærer, appelsinar, purre, lauk og gulrøter rett på dunga.

- Me får håpa dei som stod bak dette fekk smaka på noko av frukta. Og kanskje var det eit par turgåarar også som fekk gleda av det som blei hengt opp i trea i går, humrar Kunnas.

Verdiar for 15.000

Etter å ha sjekka lageret har Vervik gård, som leverer frukt og grønsaker både til privat- og bedriftsmarknaden, rekna ut at verdiar for omlag 15.000 kroner er stolne. Altså 5.000 kroner mindre enn det ein frykta i går.

- Dette var sjølvsagt kjedeleg for oss, men det er ikkje verdas undergang. Det hadde vore verre dersom tjuvane hadde stole jordbær nå rett før 17. mai.

Skjerpar tryggleiken

- Gjer de noko for å unngå at dette skjer igjen?

- Ja, me kjem til å sikra lageret vårt betre. Tidlegare har me ikkje hatt lås, det kjem me til å skaffa oss nå, slår Kunnas fast.

I går sa dagleg leiar ved Vervik gård, Thomas Birkeland, at han ville melda tjuveriet til politiet. Det blir truleg ikkje gjort.

Russejente går med en kartong i Mosvannsparken

Truleg står russ bak frukt-tjuveriet. I går blei tre raudruss observerte ved Mosvatnet mens dei hang opp eple og bananar i trea.

Foto: leserfoto

KVA SYNST DU OM FRUKT-TJUVERIET?