Stavanger kommune vil straffe huseigarane på Stokka som i mai klipte ned og øydela ei rekke linde-tre.
Huseigarane vart melde til politiet, men politiet meiner saka ikkje er ei straffesak og har lagt den vekk.
Det godtar ikkje kommunen og ankar. - Saka er ein av dei verste kommunen har hatt, og dersom anken blir lagt vekk, går kommunen truleg til sivilt erstatningskrav, seier parksjef Torgeir Esig Sørensen.
Huseigarane har klipt ned tre i kommunen sin linde-allé i Blomstervegen, og øydelagt for 250 000 kroner. Det seier parksjef Torgeir Esig Sørensen som blei oppgitt då politiet la vekk saka.
Men politiet meiner saka ikkje er ei straffesak, og har lagt den vekk på grunn av manglande saksbehandlingskapasitet, seier Ingrid Tjørhom som er politiinspektør ved Rogaland politidistrikt.