Johan Sverdrup sikrar oljeindustrien ei mjuk landing

Sjølv om funnet av Noregs femte største oljefelt har sprøyta ny optimisme inn i oljeindustrien, er meldinga frå Statoil klar: – Det er i oppgangstider ein skal førebu seg på nedgangstider.

Statoil møtte leverandørindustrien

Øyvind Reinertsen, som er direktør for Johan Sverdrup-utbygginga i Statoil møtte i dag fleire representantar frå den oljerelaterte næringa i Stavanger. Dei orienterte om status for Johan Sverdrup-utbygginga.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Svein Olav Simonsen og Øyvind Reinertsen

Svein Olav Simonsen frå Weatherford diskuterer samarbeidet mellom oljeserviceindustrien og oljeselskapa med Øyvind Reinertsen frå Statoil.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kværner, Aker Solutions, Aibel og ABB har alle sikra seg ein del av den svære Johan Sverdrup-kaka, men fleire kontraktar skal delast ut, og ifølgje Statoil, vil fleire av desse også hamna i norske hender.

Dette er til stor glede for leverandørindustrien som i dag møtte Statoil i Næringsforeningen i Stavanger-regionen sitt hus i sentrum av oljebyen.

Psykologisk oppsving

– Utbygginga er med på å gi ein psykologisk oppsving medan me strevar i ei tid med nedbemanning, og den sett perspektiv på korleis industrien kan utvikla seg gjennom fleire år, seier Svein Olav Simonsen, som er kommersiell leiar for oljeservicebedrifta Weatherford og representant for Næringsforeningen.

Johan Sverdrup-feltet er det femte største oljefeltet som nokon gong er funne på norsk sokkel, og det er venta at feltet skal produsera olje og trygga fleire norske arbeidsplassar i om lag 50 år.

Samla sett skal Statoil investera for om lag 117 milliardar kroner under den første utbygginga. Etter dette reknar dei med å bruka meir enn tre milliardar kroner i produksjonskostnadar kvart år så lenge feltet er i produksjon. Mykje av desse pengane vil hamna i oljeindustrien i Stavanger.

– Dette vil hjelpe oss å få ei mjukare landing, enn om me ikkje hadde funne Johan Sverdrup. Altså får me meir tid til å omstilla oss, seier han men understrekar likevel at det ikkje blir ei kvilepute der ein berre skyv utfordringane framføre seg, seier Simonsen.

Laster kart, vennligst vent...

Johan Sverdrup-feltet ligg 155 kilometer vest for Stavanger. I slutten av 2019 skal feltet vera i produksjon. Det er Statoil, Lundin Norway, Petoro, Det norske oljeselskap og Maersk Oil som eig feltet og det er Statoil som mest truleg blir operatør.

Nærmar oss vegens ende for oljeproduksjon

For nå handlar det om omstilling, og med Sverdrup får kanskje industrien det pusterommet dei treng for å kunne omstilla seg vekk frå olje og over til fornybar energi til dømes.

Harald Minge i Næringsforeningen i Stavanger-regionen

Harald Minge er leiar for Næringsforeningen i Stavanger-Regionen. Han seier at Johan Sverdrup har lagt til rette for ny optimisme i oljebyen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er i oppgangstider ein skal førebu seg på nedgangstider. Eg vil sei at ein kvar leverandørindustri innan oljenæringa vil ha godt av å stå på fleire bein, men det betyr likevel ikkje at ein ikkje må jobba for å vera gode på den oljerelaterte delen av verksemda, seier utbyggingsdirektør i Statoil, Øyvind Reinertsen.

Og når Simonsen blir bedd om å sjå inn i krystallkula for å sei noko om tida etter Sverdrup er beskjeden klar.

– Når Sverdrup har produsert i femti år trur eg me nærmar oss enden på vegen for den tradisjonelle oljeproduksjonen, seier han.