Hopp til innhold

Gigantkontrakt til Aibel: – Prosjektet sikrar tusenvis av norske arbeidsplassar

Oljeserviceselskapet Aibel har fått jobben med å bygga dekket til boreplattforma på Johan Sverdrup-feltet. Dette er ein jobb som på det meste vil engasjera 3.000 arbeidarar, med ein kontraktverdi i overkant av åtte milliardar kroner.

Aibel i Haugesund

Kontrakten vil få mest å sei for Aibel i Haugesund, Asker og for verftet i Thailand. (Bilete er frå verftet i Haugesund)

Foto: Øyvind Sætre / Aibel

Johan Sverdrup

Slik kan det bli sjåande ut på Johan Sverdrup-feltet når produksjonen startar opp i 2019.

Foto: Statoil

Aibel har signert kontrakten for bygginga av dekket til boreplattforma på Johan Sverdrup-feltet. Statsministeren var til stades under signeringa, som får svært mykje å sei for norsk industri i tida framover.

Hos Aibel jublar dei nå over kontrakten på meir enn åtte milliardar kroner, som på det meste skal engasjera 3.000 arbeidarar i mellom anna Oslo, Haugesund, Grimstad og selskapet sitt verft i Thailand.

– Me er topp motivert og gler oss til å ta fatt på dette store og viktige industriprosjektet saman med Statoil, seier konsernsjef Jan Skogseth i Aibel.

Statsministeren besøkte Aibel etter at nyheten om Johan Sverdrup-kontrakten ble kjent.

VIDEO: Statsminister Erna Solberg besøkte Aibel for å feira kontrakten.

– Viser at leverandørindustrien er konkurransedyktig

Olje- og energiminister Tord Lien er svært glad for at kontrakten hamna på norske hender.

– Dette er veldig gledeleg. Det viser at den norske leverandørindustrien, som står i ein krevjande situasjon, er konkurransedyktige i konkurranse mot aktørar frå heile verda. Prosjektet har allereie sikra tusenvis av arbeidsplassar i fleire fylke i Noreg, seier Lien.

Olje- og energiminister Tord Lien (Frp)

Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) er svært glad for at kontrakten har hamna på norske hender.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det er vel meir som skal til for å snu ei dårleg trend i norsk oljenæring?

– Me ser at aktivitetsnivået på norsk sokkel i 2015 blir lågare enn det var i til dømes 2013. Men nett det at me får viktige og store kontraktar som dette til Noreg gjer at det blir lettare å handsama denne situasjonen, seier ministeren.

Ferdigstilling i Haugesund

Det er Statoil, som saman med Lundin, Petoro, Maersk Oil og Det norske oljeselskap som har rettane på oljefeltet.

– På vegner av partnarskapet ser me fram til eit godt og nært samarbeid med Aibel for å sikra ei sikker og effektiv leveranse av dette prosjektet, skriv Arne Sigve Nylund, konserndirektør for Utvikling og produksjon Noreg i Statoil, i ei pressemelding.

Johan Sverdrups første fase skal byggast ut med fire installasjonar som inkluderer ein bustad-, ein bore-, ein stigerøyr- og ein prosessplattform, samt tre havbotnsbrønnrammer for vassinjeksjon. Plattformene skal knytast saman med gangbruer.

Bygginga av borestøttemodulen, som er den nest største skal byggast på verftet i 2017 skal dei tre modulane setjast saman i Haugesund.

Flere nyheter fra Rogaland