Hopp til innhold

Sola rykker ned – Herrem usikker på framtida

Sola Håndball klarte nesten å ta igjen timålstapet for Rælingen i første kvalifiseringskamp. Men 25–17 var ikkje nok, og Camilla Herrem og co. må ta den tunge vegen ned i 1. divisjon.

Tonje Nøstvold

Det blei berre nesten for Tonje Nøstvold og Sola mot Rælingen. Neste sesong ventar 1. divisjon.

Foto: Ole Andreas Bø

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var ikkje dette eg hadde trudd før jul, for å væra heilt ærleg, seier ei gråtkvalt Camilla Herrem til NRK etter kampen.

Det skapte overskrifter då landslandsprofilen gjorde comeback for Sola før årets sesong.

Men i kveld måtte Herrem, som er gravid og ventar sitt første barn, frå tribuneplass i Åsenhallen sjå at moderklubben må ta den tunge vegen ned i 1. divisjon.

– Eg hadde makspuls frå eg kom til hallen. Det er ikkje noko kjekt å sitja der utan å bidra, seier Herrem.

Utgangspunktet til Sola var svært vanskeleg før den andre kvalikkampen om eliteseriespel.

Etter å ha tapt den første kampen 20–30 mot Rælingen, måtte rogalendingane vinna med meir enn ti mål for å berga eliteseriekontrakten.

Usikker framtid for Herrem

Men med sluttresultatet 25–17 til Sola, blei det berre nesten for Herrem og co. Nedrykket gjer også klubbframtida usikker for handballstjerna.

– Kva betyr dette for deg?

– Det er uvisst. Eg veit ikkje. Eg må nesten snakka litt med Thorir (Hergeirsson, landslagstrenar, jour.merk.) og høyra kva han seier. Eg har framleis ambisjonar om landslaget, så dette passa dårleg.

– Kva skjer neste sesong for Sola sin del då?

– Det er vanskeleg å seia. Det er ganske stor forskjell på eliteserien og 1. divisjon. Eg håpar folk blir og at klubben kjem fort opp igjen, seier Herrem.

Camilla Herrem

Camilla Herrem i comebacket for Sola i august i fjor. I kveldens skjebnekamp sat ho på tribunen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Skuffa trenar

Sola-trenar Knut Ove Joa var naturleg nok også svært skuffa etter kampen, men rosar likevel spelarane sine for innsatsen i skjebnekampen.

– Eg synst laget og klubben høyrer heime i eliteserien, så me skal fort opp igjen.

Trenaren har også stor tru på å få spelarane til å bli i klubben, trass nedrykket.

– Ja, der er eg ganske positiv.

Så spørst det om 1. divisjon passar med Herrem sine ambisjonar om landslagsspel.

Måtte vinne med 11 mål

Her blir det klart at Sola rykker ned til 1. divisjon.

Laster innhold, vennligst vent..