Hopp til innhold

Camilla Herrem kjem heim til Sola

Det blir «Tore Tang» på heimebane. Landslagsstjerna vart presentert som Sola-spelar på pressekonferansen klokka 12 i dag.

Herrem

KJEM HEIM: Det er klart at Camilla Herrem vender tilbake til heimeklubben i neste sesong.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg kjenner at det er på tide å kome heim. Alle som kjenner meg veit at eg er glad i Sola. Eg saknar å vere heime, saknar familien og Steffen, og alt eigentleg. Så no kjende eg at det er på tide å kome heim, og sleppe å bu i ein koffert, seier Herrem på Skype frå Makedonia.

Camilla Herrem hadde eit år att i kontrakten med Vardar, men denne kontrakten vart avslutta til fordel for Sola Håndball.

– Vardar skjønte situasjonen, at eg gjerne ville heim. Eg har vore saman med Steffen i over ti år, og åtte av dei har me budd frå kvarandre. Så det var berre å spørje, så gjekk det veldig greitt.

Stjerna har skrive ei kontrakt for tre år med heimeklubben.

Herrem

SKYPE: Camilla Herrem deltok på pressekonferansen via videosamtale.

Foto: NRK

Skal ikkje berre spele handball

Herrem seier at ho gjerne kunne ha tenkt seg å jobbe på sida av handballen.

– Det er eit par fotballskular i området, og det hadde vore veldig kjekt å dele litt av mi erfaring frå handballivet. Eg hugsar sjølv kor viktig det var for meg å få den treninga, fortel landslagsstjerna.

Det er klart at Sola Vidaregåande har ein finger med i spelet her.

Små hint på sosiale media

Handballstjerna har den siste veka skrive på sosiale media om at ho har store nyhende å fortelje. For nokre få dagar sidan skreiv Herrem at den store nyheita vert sleppt i dag.

Ektemannen Steffen Stegavik flytta til Rogaland for å spele i Nærbø for denne sesongen. Etter landslagsstjerna sin siste instagram-post kan ein trekke slutningar til at paret har skaffa seg eit hus på Sola.

For nokre få dagar

– Eg har alltid hatt eit mål om å avslutta karrieren i Sola etter at eg er ferdig i utlandet, og no har eg eit og eit halvt år att i Vardar. Etter det må eg ta ei vurdering på kva eg vil, men det kan vere at eg reiser heim til Sola. Om dei vil ha meg, då, sa handballstjerna til Rogalands Avis i fjor.

Historisk sesong

Gultrøyene røyk ut av sluttspelet i kvartfinalen mot Kristiansand Vipers på sundag. Trass nederlaget er klubben godt nøgd med prestasjonane for sesongen, melder Solabladet. Sola har hatt sin beste sesong med ein åttandeplass på tabellen og dermed historisk kvartfinale-spel.