Hopp til innhold

Søket avslutta utan funn, held fram sundag

Eit elveredningslag slutta seg til søket etter Sverre Aune (39) i Fotlandsvatnet og Tengselva i Eigersund laurdag, men den sakna fiskaren er framleis ikkje funnen.

Røde kors i Agder leiter i Fotlandsvatnet etter sakna laksefiskar

Mannskap frå Røde Kors i Agder har eigen vasskuter som dei bruker i leitinga etter den sakna laksefiskaren.

På tredje dag samla i dag klokka ni fleire titals frivillige og politiet seg i Eigersund for å leita etter Sverre Aune (39). Han har vore sakna sidan torsdag han reiste på laksefiske torsdag morgon eller onsdag kveld, men trass lange dagar med leiting har leitemannskapet ikkje lukkast med å finna han.

Spesialgruppe frå Røde Kors

Det blei søkt både frå land, og med båtar i vatnet. Det nye for dagen er at Agder Røde Kors stiller med ei elveredningsgruppe.

– Dei er spesialistar på elveredning, og stiller med vasskuter og bra utstyr, seier innsatsleiar i politiet, Leif Seglem.

Også frå Karmøy kom ei gruppe som har spesialisert seg på søk i vatn.

Vanskelege leiteforhold

Med svært mykje vatn og sterk straum er det eit utfordrande område å leita i. Det meste av området i vatnet og ned i elva er no sjekka, men søket held fram sundag, melder politiet.

Fotlandsvatnet