Hopp til innhold

– Kjem du ut i elvestryket, er du nærmast hjelpelaus

Uvanleg mykje vatn gjer det ekstra farleg å fiska frå båt i Fotlandsvatnet. Den sakna fiskaren kan ha kome utanfor elvestryket trur kjennar av området.

Tengselva

Det er uvanleg sterk straum i Tengselva i Eigersund.

Foto: Svein Jacob Mathisen / NRK

Søket i Eigersund

Straumen er sterk i elva der Norsk folkehjelp og andre frivillige nå leiter.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Fredag morgon er politi og frivillig leitemannskap tilbake ved Fotlandsvatnet og Tengselva i Eigersund for å leita etter 39 år gamle Sverre Aune frå Bryne, som er sakna etter han tok ut for å fiska torsdag morgon eller onsdag kveld.

Uvanleg mykje vatn

Han skal ha teke ut i ein båt på Fotlandsvatnet, eit vatn som i sør munnar ut i eit elvestryk etterfølgt av ein kraftig foss. Etter fossen kjem den populære laksefiskeelva Tengselva. Sigve Tengs er formann for elveeigarlaget, og seier at det er uvanleg mykje vatn og sterke straumar så tidleg i sesongen.

– Viss du kjem ned i elvestryket med så mykje vatn, er du nærmast hjelpelaus, fortel Tengs til NRK.

Seinast i fjor var det ein båt som hamna i det farlege stryket, her fekk fiskaren kasta ut anker, og måtte bergast av brannvesenet.

Leiteaksjon i Egersund

Leitemannskap på plass ved Tengselva for å søka etter fiskaren på den andre dagen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vil søka med undervasskamera

Jærbuen som er sakna, var etter det NRK kjenner til ein erfaren fiskar. At han har hamna i elvestryket er også noko politi og leitemannskap tar høgde for. Dei søker både ved vatnet og nedover elva. Båten hans og ei åre blei funnen i elva.

Den strie straumen gjer at leitemannskapet ikkje kan senda ut dykkarar, men det blir jobba med å få sendt undervasskamera ned i vatnet og elva.

Fotlandsvatnet