Hopp til innhold

Slutt på psykiatrisengeplassar

Dei åtte døgnsengeplassane på Ryfylke DPS i Strand kommune, blir lagt ned. Det stadfestar ordføraren i Strand kommune. Plassane blir flytta til Randaberg.

Ryfylke Distriktspsykiatriske senter i Strand kommune

Ryfylke Distriktspsykiatriske senter i Strand kommune

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Det var i juli år, at dei tilsette ved Ryfylke DPS på Jørpeland i Strand kommune, fekk beskjed om at dei åtte døgnsengeplassane skulle leggjast ned.

Dette førte til sterke reaksjonar frå brukarane og frå politikarane i Hjelmeland, Forsand og Strand. Alternativet med å reise med ferje til Stavanger og deretter til klinikken på Randaberg er ikkje det beste, stadfestar Dag Lieungh, som både er psykiatrisk pasient, men også med i brukargruppa til Ryfylke DPS.

Dag Lieungh er psykiatrisk pasient frå Strand

Dag Lieungh er psykiatrisk pasient frå Strand, og leiar i brukargruppa på DPS-et

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Nokre av oss, når me reiser over med ferja, så tenkjer me berre på kva moglegheit me har for å hoppa over bord. Kva moglegheit har eg til å gjera slutt på det heile, for det gjer så vondt.

Nå er det slutt

– Så er det nok langt på veg gitt, om me likar det eller ikkje, at dei åtte sengeplassane blir overført til DPS-en på Randaberg.

Helge Steinsvåg

Helge Steinsvåg er ordførar i Strand kommune og representerer

Foto: Arbeiderpartiet

Dette seier ordførar Helge Steinsvåg i Strand, etter eit møte mellom kommunane og eigaren av det psykiatriske senteret, som er statlege Helse Stavanger.

Trudde det skulle ordnast

Tidlegare i haust, var Steinsvåg optimist på vegner av døgnplassane.

Han meinte at det var råd å endre avgjerda som Helse Stavanger varsla i sommar. Det meinte han sjølv om direktør ved psykiatridivisjonen ved Universitetssjukehuset i Stavanger, Inger Kari Nerheim sto på sitt:

Inger Kari Nerheim, direktør psykiatridivisjonen ved Universitetssjukehuset i Stavanger

Inger Kari Nerheim, direktør psykiatridivisjonen ved Universitetssjukehuset i Stavanger

Foto: Erik Waage / NRK

– Dette er ikkje innsparing, men omlegging til eit prosjekt me kallar "på heimebane". Det betyr at pasientane skal få hjelp heime i huset sitt, tidlegast mogeleg. Då kan me hindre at sjukdomsutviklinga går så langt at det er nødvendig med innlegging, seier Inger Kari Nerheim då.

Gir opp kampen

Nå er tonen frå ordføraren i Strand, at dei må arbeide for å byggje ned den psykiske sperra det er for pasientane frå Ryfylke og krysse fjorden, for å reise til Randaberg. Det han vonar på nå, for endå er det eit par møter igjen, er å kunne få på plass tre døgnplassar, som kan stablast på beina når det er akutt behov for det.

– I tillegg så ligg det ein markant styrking av tilbodet ved Ryfylke DPS på dag og ettermiddag. Det viser seg blant anna frå Sandnes DPS, at dette fører med seg eit mykje mindre behov for døgnplassar, seier Steinsvåg.