Hopp til innhold

Vekk med tvang og inn med omsorg

På ettervernspoliklinikken i psykiatri i Sandnes har dei dramatisk redusert talet på døgn der pasientane er lagt inn på sjukehus.

I hagen på Sandnes DPS

I Sandnes i Rogaland har dei ein ettervernspoliklinikk, tilknytt Sandnes Distriktspsykiatriske senter, som har oppnådd oppsiktsvekkjande positive resultat.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det er som oftast negative nyheter, kriser og overbelegg det handlar om, når psykiatri er tema i norske media. I Sandnes i Rogaland har dei ein ettervernsklinikk, tilknytt Sandnes Distriktspsykiatriske senter, som har oppnådd oppsiktsvekkjande positive resultat.

Ingrid Asserson, avd leiar Sandnes DPS

Ingrid M Asserson, avdelingssjukepleiar Sandnes DPS

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Tidlegare sat desse gjengangarpasientane me snakkar om åleine heime i leilighetane sine, fortel avdelingssjukepleiar Ingrid M Asserson.

– Dei hadde gjerne ein samtale i veka med ein representant frå Sandnes kommune. Så skjedde noko slik at dei hoppa over ein samtale eller to og så oppstod kanskje ei krise som gjorde at dei blei lagt inn på psykiatrisk avdeling og blei liggjande i månadsvis.

Endringa

For fem år sidan bestemte seksjonsoverlege Ole Jøssang seg for å gjera ein vri.

– Me opna opp eit større område inne på senteret, som fungerte som eit dagtilbod og ein sosial samlingsplass, fortel ho.

Området består av matstove, kjøkken, stort opphaldsrom og direkte utgang til hage og sitjegrupper utafor.

– Me serverer skikkeleg gratis husmannskost-middag kvar dag. Det er fri flyt av kaffi og har dei noko å diskutera med oss som jobbar her, så er det berre å stikke innom nærmaste kontor, seier Asserson.

Empati. Vikigste medisin på Sandnes DPS

Empati. - Den viktigaste medisinen me kan gi på Sandnes DPS, seier avdelingssjukepleiar på Sandnes DPS, Ingrid M Asserson

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ho understrekar også at samarbeidet med det kommunale psykiatriapparatet i Sandnes kommune fungerer veldig godt og bidrar til at pasientane stikk innom senteret.

10–12 pasientar til stades

Det er 10–12 pasientar til stades. Dei fleste sit ute i hagen i det fine septemberveret. Bjørn er ein rørsleg kar i 50-åra. Han vedgår at det blir i meste laget både med middag og kaffi, men han trivst så godt at han er innom på senteret så godt som kvar dag.

– Før gjekk det i kaffi og røyk, men så måtte eg slutta å røykja. Eg fekk ikkje lov lengre, fortel han.

– Og då gjekk du over til snus?

– Nei, ikkje det heller. Nikotintyggegummi er det eg tygg på nå. Og så har eg nettopp kome tilbake etter ei økt på ergometersykkelen. Sjå her på magen. Det blir for mykje middag, men nå skal eg opp på ergometersykkelen kvar dag, heilt fram til jul.

Resultata

– Før sat dei ofte inne åleine. Nå blir dei kjent med kvarandre her på senteret og me ser også at det utviklar seg private vennskap av dette, seier avdelingsleiar Ingrid M Asserson.

Asserson og dei andre tilsette har ført statistikk over kva som skjedde etter at dei oppretta dette tilbodet for gjengangarpasientane. Vanlegvis er det i overkant av 40 pasientar på senteret. I løpet av dei fire siste åra har dei hatt 17 pasientar som har vore tilknytt senteret heile tida og det er dei som er undersøkte.

I 2010, før prosjektet starta opp, hadde desse 17 pasientane 1763 døgn i løpet av året, der dei var lagt inn på psykiatrisk sjukehus til behandling. I 2013 var talet nede i 409 døgn for dei same 17 pasientane.

Og som om ikkje det skulle vera nok, så legg pasientane seg nå i mykje større grad inn på sjukehus friviljug, når dei er i ei krise. I 2010 var berre 46 av 1717 innleggingar friviljuge. I 2013 var 357 av 409 innleggingar gjort utan bruk av tvangsparagrafen.

Nøgd sjef

Inger Kari Nerheim, direktør psykiatridivisjonen ved Universitetssjukehuset i Stavanger

Inger Kari Nerheim, direktør psykiatridivisjonen ved Universitetssjukehuset i Stavanger

Foto: Erik Waage / NRK

– Folk som brukar dette ettervernstilbodet, fortel at dei nå har fått eit nytt liv. Det er veldig gode tilbakemeldingar me får, opplyser Inger Kari Nerheim. Ho er direktør for psykiatridivisjonen ved Helse Stavanger.

– Nå klarer me i mykje større grad enn før å hjelpa denne gruppa av pasientar heime, seier ho.

Mesten mor mi

Bjørn fortel at det var avdelingssjukepleiar Ingrid M Asserson, som tok tak i han og fekk han til å koma innom på det nye senteret.

– Eg har det betre nå enn for fire år sidan, seier han.

– Du vett ... hu Ingrid, hu e mesten mor mi, hu.