Hopp til innhold

Solaordføraren vil endra tilskotsordninga til kommunar som tek i mot flyktnignar

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) ville at Sola kommune skulle ta i mot dobbelt så mange flyktningar i 2015 som det dei gjorde i 2013. Ordførar Ole Ueland (H) seier dei måtte setja ned foten fordi det er for dyrt å skaffa bustad til så mange.

Ole Ueland (H)

MÅTTE SEIA STOPP: – 27 i år og 30 neste år skal me klara, men 40 blir for mykje, seier Ole Ueland (H), ordførar i Sola kommune.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sola kommune skal busetja 27 flyktningar i 2014 og 30 i 2015. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet ville dei skulle busetja 40 flyktningar neste år, men då måtte kommunen seia nei.

– Dette med bustad er ei hindring, og eg har stor forståing for at statsråden og Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet vil at kommunane skal ta i mot fleire. Det er ingen god situasjon at det sit så mange folk på mottak og ventar. Men det er ei veldig stor utfordring å skaffa nok bustader i ein region der bustadprisane er høgare, seier ordførar i Sola kommune, Ole Ueland (H).

– Tilskot etter bustadprisar

Ole Ueland (H)

OLE UELAND (H): Ordførar i Sola kommune.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I dag sit om lag 5400 flyktningar på mottak rundt om i landet og ventar på å få tildelt ein kommune dei skal bu i, slik at dei kan koma i gang med liva sine på nytt.

Ueland meiner at ein del av tilskota kommunane får for å busetja flyktningar, bør regulerast av bustadprisane i området.

– Me meiner at storbyane og kommunane rundt burde høgare tilskot som er meir tilpassa den bustadmarknaden me har her, fordi den er meir pressa enn andre stader i landet. Då kunne me skaffa fleire bustader og dermed busett fleire flyktningar.

– Me meiner at me har gode nok offentlege tilbod til at me sikkert kunne teke i mot litt fleire enn det med gjer no, men det er vår jobb å sikra god integrering og etter kvart få dei ut i jobb. Det er ei kapasitetsutfordring, men slik det er no so er det bustadsituasjonen som er avgjerande for kor mange me klarer å ta i mot, seier Ueland.

– Det er eit innspel eg skal ta med meg vidare, seier Barne-, likestillings- og integreringsminister Solveig Horne (Frp) til NRK.no.

– Eit arva problem

Solveig Horne

VIL TENKJA PÅ DET: Men Solveig Horne vil ikkje lova at det blir sett av meir pengar til kommunane med høge bustadprisar.

Foto: Stortinget

Sjølv om ho heng med på forslaget til Sola-ordføraren, seier ho at det ikkje er sikkert at å opna pengepungen er det einaste svaret på problemet.

– Me kan sjå til Bergen som har det same presset i bustadmarknaden, men som har klart å meistra bustadsituasjonen på ein betre måte enn det kommunane på Nord-Jæren har fått til.

– Først og fremst er det viktig å få på plass eit godt integreringstilskot som dekkjer dei kostnadane kommunane har. Dette er eit problem me har arva frå den førre regjeringa som me har fått rett i fanget, og eg meiner det burde vore sett inn tiltak tidlegare.

– No har de minst tre og eit halvt år på å ordna dette, korleis vil de gjera det?

– Det må me gjera saman med kommunane og lytta til kva for utfordringar dei har, og så må med ta det med i budsjettarbeidet framover.

– Er det meir pengar som må til?

– Det er ein del av det som må til, men me må også sjå på kjeda i integreringsarbeidet saman med Justisministeren, som skal stramma inn på asylpolitikken. Når me kombinerer det med at UDI skal få ned behandlingstida, vil me også sjå ein nedgang i flyktningar som må busetjast.

Men på spørsmål om ho vil lova meir pengar til kommunane som tek i mot flyktningar, er svaret:

– Det skal eg koma tilbake til i det vidare budsjettarbeidet, avsluttar Horne.

Solveig Horne på hå mottakssenter

MØTTE LOKALT MOTTAK: Solveig Horne (Frp, i svart i midten) møtte Hero, UDI og leiinga ved Hå mottakssenter fredag 31. januar. Dei diskuterte blant anna korleis ein kan få kommunane til å ta i mot fleire flyktningar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er vanskeleg for dei, seier Laila Bjorland Barrett, leiar ved Hå mottakssenter i Hå kommune. Fredag var ho i møte med Horne, UDI og Hero (dei som driv mottaket) for å diskutera blant anna det å busetja flyktningar i kommunar.

– Nesten dagleg kjem det folk som bur her til oss og spør «kva skjer? kva skjer? kva skjer?». I byrjinga er dei veldig motiverte, men me ser at motivasjonen dalar etter ei stund. Dei har lyst å koma i gang med livet sitt og finna ut kvar dei skal bu, og det er ikkje så greitt å bu her over veldig mange år, seier ho.