Hopp til innhold

Skulpturane som skal få oss til å tenka

Per Inge Torkelsen meiner det er nok skulpturar av folk med flotte frakkar frå overklassen i Stavanger. Derfor stod han i bresjen for å få ni skulpturar av heimlause til byen.

Ny utstilling i Stavanger

VIDEO: Sjå video frå opninga av skulpturutstillinga.

– Dette er ei annleis utstilling av menneske som vanlegvis ikkje blir framstilt i bronse og som vanlegvis ikkje blir heidra, seier Per Inge Torkelsen.

Skulpturserien «De hjemløse» oppdaga Torkelsen og kona Anne Mette Hestad i byen Viborg i Danmark.

Stavangerprofilen kontakta like godt kunstnaren, og nå har dei altså hamna rundt om i Stavanger sentrum. Der skal dei stå til rett over nyttår.

Gåve til Frelsesarmeen

Per Inge Torkelsen

Per Inge Torkelsen.

Foto: Mia Langås Flåta

Kunstprosjektet er finansiert av Torkelsen sjølv, saman med Åge Westbø og Silje Netland. Dei gir utstillinga i gåve til Frelsesarmeen.

– I Stavanger har me nok av skulpturar av kaksar, skipsreiarar og forfattarar frå overklassen med flotte frakkar. Dette er ei utstilling som skal fokusera på dei som slit. Dei er det dessverre altfor mange av.

I Stavanger har me nok av skulpturar av kaksar, skipsreiarar og forfattarar frå overklassen med flotte frakkar.

Per Inge Torkelsen

Å gjera ein forskjell

Det var varaordførar Bjørg Tysdal Moe (KrF) som opna utstillinga på Domkyrkjeplassen laurdag. Ho snakka i talen sin om korleis folk kan gjera ein forskjell i byen sin i det daglege.

– Det er kvalitet i kvar og ein skulptur og eg utfordrar oss alle til å ha ein refleksjon når me ser desse; kva kan den enkelte bidra med. Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt, var bodskapen frå varaordføraren i Stavanger.