Hopp til innhold

Skihopping på Jæren

Etter brev frå ein niåring som er glad i skihopp avgjorde kommunen at dei ville byggja ein hoppbakke på flataste Jæren.

Video Skihopping på Jæren

Ein heilt ny skihoppbakke kan stå klar på Undheim allereie til hausten.

Hoppskolebakke

Det er ein bakke noko liknande denne dei vil få på Undheim.

Foto: IFAS

Det var Thomas Garborg som sette seg ned og skreiv eit brev til ordføraren i Time kommune Arnfinn Vigrestad. Han ville ha ein hoppbakke bak skulen sin på Undheim.

Litt nervøs

Kommunen valde å hoppa i det, og sa ja til hoppbakke på høgaste Jæren. Det blir ein bakke av plast som kan brukast heile året kommunen vil få på plass.

Sjølv er Thomas Garborg nå litt nervøs for hjula han har sett i sving:

– Det blir gale, seier niåringen når han får spørsmål om korleis det blir å hoppa i den nye bakken.

Sjølv om han er spent ser han likevel fram til å hoppa i den nye bakken.

Har hatt bakke før

– Me vil byggja bakken både på grunn av brevet frå Thomas, men også på grunn av at det tidlegare har ligge ein hoppbakke her med eit hoppmiljø tilknytt, også har det vore eit initiativ frå Skiforbundet, seier Stian Langeland, fritidssjef i Time kommune.

Han seier at meininga er at bakken skal vera for alle mellom 8 og 80 år.

Og viss ikkje Thomas finn på noko anna, seier han at det godt kan henda at han stiller opp i hoppveka om nokre år.