– Eg har hatt ei dårleg helg, det kan eg lova deg, seier Egil Nøland frå Stavanger til NRK.no medan han står ved sida av båten sin som har kosta han mykje hovudbry.
- Les òg:
Banken har pant i båten
Og det er ikkje vanskeleg å tru han når han fortel om sjokkbrevet han nyleg fekk i posten. Brevet var frå bustyret i Johs Lunde konkursen, og handla om båten som Nøland har vore lukkeleg eigar av sidan 2008.
I brevet står det:
«...Båten kreves tilbakelevert. Dersom De ønsker å kjøpe båten fra boet imøteser vi et snarlig tilbud. Båten vil bli solgt til markedspris.»
Det viser seg at Nordea tok pant i båten han kjøpte i november i fjor. Tre år etter at Nøland kjøpte båten. Familien er prega
Ifølgje Aftenbladet kjem det også fram at dotterselskapet av Johs Lunde, Norsk Båtsenter, framleis står som eigar av båten, altså er ikkje salet registrert og Nøland og dei andre som har kjøpt båt er utan rettsvern.
- Les òg:
- Les òg:
Nøland sjølv forstår ikkje at dette er mogleg:
– Me er beint fram gråtkvelt heile familien. Heldigvis har eg ein grei fysisk form, for med eit dårleg hjarte veit eg ikkje kor eg hadde vore.
Fleire som har kjøpt båt hos Johs Lunde må anten levera den tilbake til buet eller kjøpa den på nytt til marknadspris fordi banken har teke pant i båtane.
Fastlåst situasjon
Bustyrar etter konkursen, Fredrik Bie, seier at situasjonen båteigarane har kome i er fastlåst:
– Me har ingen handlingsrom her, dersom det var pant i båten før den blei overlevert til kunden så må dei dessverre betala båten sin to gonger eller tilbakelevera båten, seier han.
- Les òg:
- Les òg:
I dag var det skiftesamling etter Johs Lunde-konkursen i Stavanger Tingrett. Her gjorde bustyraren greie for konkursen i den marine delen av selskapet. Talet på båtkjøparar som får svi bare aukar.
– Det er tragisk, og eg gjer det ikkje med glede når eg må krevja dette frå folk, seier bustyraren.
Første skiftesamling i konkursen mot Johs. Lunde-gruppen. Fv. Bengt Eriksen, revisor Deloitte og bustyrer Fredrik Bie fra Vierdal Advokatfirma.
Foto: Tomas Alf Larsen / ScanpixEi siste bønn
Så langt har det kome inn krav for over 262 millionar kroner etter konkursen, inkludert eit krav på 243 millionar kroner frå Nordea. Banken var den sentrale bankforbindinga mellom Johs Lunde Marine Group AS og alle dotterselskapa.
Dagleg leiar Johannes Lunde var ikkje til stades i tingretten torsdag, men seier til NTB via sin advokat John Christian Elden at han er lei seg for at selskapet er under konkursbehandling.
Han lover å gjera sitt for å vera til hjelp og rydda opp i samråd med bubestyrar.
Egil Nøland har ei siste bønn til dei som er involvert i konkursen:
– Sett i lys av saksbehandlinga og alt dette her, må dei likevel klara å koma til ei ordning slik at eg kan få livet mitt tilbake.