Hopp til innhold

– Var ikkje åleine om å styre Lundekonsernet

Johannes Lunde hevda i Gulating lagmannsrett at fleire andre leiarar i Lunde-konsernet tok viktige avgjerder i tida fram mot konkursen.

Johannes Lunde i Gulating lagmannsrett, Stavanger

Johannes Lunde kom med sin versjon i Gulating lagmannsrett i Stavanger torsdag ettermiddag.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det var ikkje berre Morten A. Berg og eg som dreiv mange selskap med hundrevis av tilsette. Det var mange andre også som var med på laget. Blant dei to daglege leiarar, Ruth Karianne Hinna og David Ersdal.

Dette sa ein svært engasjert Johannes Lunde i starten av vitnemålet sitt i Lagmannsretten i Stavanger torsdag ettermiddag.

Tiltalt for økonomisk utruskap

Johannes Lunde blei dømt til fem års fengsel i Stavanger Tingrett, den 20.november 2013. Han anka dommen, og nokre av tiltalepunkta er nå oppe på nytt til i Gulating lagmannsrett. Han er alt dømt til to års fengsel, i ein dom som ikkje kan ankast i samband med konkursen.

Det er Morten A. Berg og Johannes Lunde som aktor meiner har det meste av ansvaret for konkursen og for ulovlege grep som blei tatt i tida før dei første konkursane skjedde seinhausten 2010.

Aktor hevdar at Lunde tok ut pengar han ikkje eigde

Lundegruppa sleit alt i 2009 med å kunne fortsette drifta. Men dei kunne likevel betala rekningar fram til forsommaren 2010. Aktor meiner det var mogeleg blant anna gjennom at Johannes Lunde hadde tilgang til likviditet frå eigedomsselskapet Vendere, som Lunde hadde 50 prosent eigardel i.

Statsadvokat Espen Haug er aktor i Johs Lunde-saken

Statsadvokat Espen Haug er aktor i Johs Lunde-saken.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

.

Sanninga var, iflølge aktor, at pengar tatt ut frå eigedomselskapet Vendere AS blei brukt i Lunde sine eigne selskap. Det var på denne måten at likviditeten blei halden oppe fram mot sommaren, hevdar statsadvokat Espen Haug.

Avviser at han var åleine om ansvaret

– Eg var eigaren. Eg var kapteinen. Det var eg som styrte og sto for den daglege drifta, så eg spring ikkje frå ansvaret. Men me var fleire hundre tilsette, og då kan ikkje Morten A. Berg og eg stå for alt dette åleine, sa Johannes Lunde.

Han nemner også at selskapet fekk presentert ein ferdig revisorrapport så seint som sommaren 2010, og at den då var heilt i orden.

– Eg måtte jo kunne stola på ein slik rapport, som kom frå administrasjonen, hevda Lunde i Lagmannsretten.

Flere nyheter fra Rogaland