Hopp til innhold

Sjøfolk som skal mønstre slepp karantenehotell – men ikkje dei som skal ha fri

Regjeringa opnar for at sjøfolk som skal «tiltre arbeid» slepp karantenehotell, men dei som vender heim att må framleis på hotell.

Germany Russia Gas

LEMPAR LITT: Regjeringa lempar på regelen om karantenehotell for sjøfolk som skal tiltre arbeid i norsk hamn og for samfunnskritisk personell. Unntaket gjeld ikkje sjøfolk som kjem heim frå oppdrag utanfor EØS/Schengen/Storbritannia.

Foto: Bernd Wuestneck / AP

21. mai kunngjorde regjeringa ein forskriftsendring som gjer at sjøfolk frå utlandet som skal «tiltre arbeid på fartøy i norsk hamn» slepp hotellkarantene.

Men endringa kjem ikkje sjøfolk som kjem heim frå oppdrag utanfor EØS/Schengen/Storbritannia til gode. For dei ventar hotellkarantene.

– Dei vil måtte ha dei same reglene som no, sa Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) under pressekonferansen same dag.

«Uakseptabelt», seier Hege Bengtsson, som er administrerande direktør i Det norske maskinistforbund (Dnmf).

Forbundet har om lag 6000 medlemmer som er tilsette i utanriksfart, på offshorefartøy og på rigg.

– Internasjonalt har Noreg gått framfor under pandemien og fremma krav om fritt leide for sjøfolk, så dette var svært overraskande og uheldig, seier ho.

Bent Høie

SAME SOM NO: Regjeringa opnar for at påmønstrande sjøfolk slepp karantenehotell, men dei som vender heim att må framleis på hotell. – Dei vil måtte ha dei same reglene som no, seier Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Drar ikkje til utlandet for moro skuld

18. mai underteikna Hans Sande i Norsk Sjøoffisersforbund og Tor Arne Borge i Kystrederiene eit felles skriv til Justis- og beredskapsminister Monica Mæland der dei kravde at «sjøfolk må få unntak frå krav om karantenehotell!».

I brevet klager dei over at regjeringa tidlegare i mai «utan forvarsel» skjerpa reglane for karantenehotell, men lét utanrikstenesta gå fri.

«Det opplevast som svært urimeleg at ikkje sjøfolk skal komme inn under same regelverk som disse», skriv dei.

Utenriksdepartementet forsvarer unntaka. Til NRK 12. mai viser dei til at «utanrikstenestemenn reiser ikkje ut frå Noreg av personlege grunner. Dei er på arbeid (…)».

– Heller ikkje vi drar til utlandet for moro skuld, kommenterer Harald Prytz, som er formann i Fellesforbundet For Sjøfolk.

Frå og med 27. mai må også utsendte ved norske utenriksstasjoner på karantenehotell ved innreise til Norge, dersom dei kjem frå eit land eller område med høg smitte.

Syver Grepstad i Norsk Sjøoffisersforbund seiar følgjande:

– Opphaldet i utlandet er ikkje frivillig. Sjøfolka er på oppdrag for norske interesser, indirekte også for den norske stat, seier han.

I dag er 305 fartøy med norsk flagg (NOR/NIS) utanfor EØS/Schengen/Storbritannia.

Det viser tal frå AIS, som er identifikasjonssystemet til IMO, sjøfartsorganisasjonen til FN.

Regelverket både for innreise og utreise vart stramma inn etter at det indisk muterte viruset begynte å breie om seg.

– Våre sjøfolk er om bord på skip i teneste. Dei omgåst i liten utstrekning andre menneske, og utgjer av den grunn ingen risiko, seier Johnny Hansen, leiar i Sjømannsforbundet.

LES OGSÅ: Denne sms-en gjorde at sjømannen Carl slapp ut av karantenehotellet

– Eitt slag i trynet

André Lillebø frå Askøy utanfor Bergen kallar dei nye reglene «eitt slag i trynet».

– Det er eskorte til flyplassen med munnbind og hanskar, før flyet går direkte til Bergen. Då gir det inga meining at vi skal vere nøydde å ta inn på hotell i staden for berre å køyre heim, seier han.

Stig-Rune Refvik er forbundssekretær for HMS i Safe, som er fagforbundet for tilsette i energisektoren.

– Vi stiller spørsmål til korleis tilsette som jobbar på utanriksstasjonar får unntak frå karantenereglar da smitten på ingen måte skil på om du jobbar på et kontor, eit skip eller ein oljerigg, seier han.

Skip fra Island Offshore ligger i opplag i Ulsteinvik.

NORDMENN I UTLANDET: Tal frå AIS viser at det i dag er 305 fartøy med norsk flagg (NOR/NIS) utanfor EØS/Schengen/Storbritannia.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Kritikkverdig av styresmaktene

Det faglege grunnlaget for covid-19-forskrifta er utarbeida av Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet.

I det siste oppdraget, som vart gitt i slutten av april, låg ingen krav om å vurdere særskilde yrkesgrupper, som sjøfolk.

– Vi har ikkje fått i oppdrag å vurdere eit eventuelt unntak for denne gruppa, skriv Trude Margrete Arnesen ved avdeling for smittevern og vaksine i Folkehelseinstituttet.

Ein «unnlatelsessynd» av regjeringa, meiner Syver Grepstad i Norsk Sjøoffisersforbund.

– Det er kritikkverdig av styresmaktene pålegg norske sjøfolk uforholdsmessige restriksjonar utan å vurdere gruppa spesielt.

Departementet svarer

– Sjølv om ikkje spesifikke grupper vart nemnt i oppdraget, kan etatane vurdere dette som ein del av heilskapen. I dette svaret vart det vurdert at det var behov for strenge tiltak, seier statssekretær Saliba Andreas Korkunc i Helse- og omsorgsdepartementet.

Han legg til:

– Systemet i smittevernloven føreset blant anna at tiltak ikkje skal vare lenger enn nødvendig og justerast etter smittesituasjonen. Det er derfor ofte slik at strenge tiltak innførast raskt i ein alvorleg situasjon, mens det etter kvart kan givast unntak for enkelte grupper eller andre lettar i tiltaket.

Oppdatering: Frå og med 27. mai må også utsendte ved norske utenriksstasjoner på karantenehotell ved innreise til Norge, dersom dei kjem frå eit land eller område med høg smitte.

Gunnar Paulsen, kaptein

TO VEKER MED FAMILIEN: Kaptein Gunnar Paulsen har tidlegare forklart til NRK at han må vere i karantene i inntil tre av fem veker han har turnusfri.

Foto: Privat