Hopp til innhold

Sjå tv-programmet om julehuset Beverly

Du har sikkert sett det, dersom du har besøkt Stavanger sentrum i førjulstida. Her ser du hele TV-programmet om mennene som står bak julehuset Beverly.

Tre karer med forkjærlighet for julelys pynter puben Beverly i Stavanger. De gjør juleforberedelser til ekstremsport.

Her er TV-programmet om pyntingen av julehuset Beverly i Stavanger.

Her kan du sjå du heile minidokumentaren om puben Beverly som blir forvandla til eit julehus kvar desember.

Programmet heiter «En lys idé» og blei sendt på NRK1 tysdag kveld klokka 20.45.

Her møter me julelysentusiastane Bill Howe og Fredrik Bugge Aase, i tillegg til pubeigar Øivind Ekeland.

Me er nøydde til å gjera det. Elles blir veldig mange skuffa. Det er ein del av Stavanger.

Bill Howe

Det er ikkje første gong julelysa på puben i Vågen i Stavanger får merksemd. I fjor ville pubeigar Ekeland gjera Stavanger til verdas navle for julelys.

Men nokre synst det blir i meste laget. Bypatriotar som Thomas Middelthon har tidlegare sagt at det har gått langt over streken med alle julelysa til Beverly.

Flere nyheter fra Rogaland