Hopp til innhold

Vil gjera Stavanger til verdas navle for julelys

Fasaden på puben Beverly i Stavanger er igjen dekka med julelys, men dagleg leiar Øyvind Ekeland skulle gjerne hatt endå meir lys.

Julelysa er tilbak på Beverly i Stavanger

Nok ein gong er fasaden til Beverly dekka av julelys.

– Eg elskar jula. Det er den tida du spring rundt som ein gal, men så er det likevel verd det, seier dagleg leiar ved Beverly i Stavanger, Øyvind Ekeland, etter at lysa på fasaden vart tente i kveld.

Beverly har etter kvart blitt kjent for sin julebelysning. Og sjølv om fasaden også i år er full av lysdekorasjonar, kunne han gjerne tenkt seg meir.

– Eg ville eigentleg ha lys på taket, slik at dei som flyr over Beverly kunne ha sett det frå lufta, seier Ekeland.

Det blei det ikkje noko av, i staden for har han fått med seg naboane.

– Endeleg har me greidd å dra med naboane. Vågen har blitt ein møteplass, og eit kjenneteikn for Stavanger. Og når me ser sjøhusrekkja no med lys på heile, så tenker eg at det er vakkert, Ekeland.

Og han har ambisjonar for Stavanger.

– Å gjera Stavanger til verdas navle for julelys må jo vera målet på sikt, seier han.

Lys på Beverly

Lysa på sjøhusa i Stavanger vart tente i kveld.

Foto: Erik Waage / NRK

Har pynta i to veker

I forkant har han fått med seg ein engelskmann til å pynte fasaden.

– Når eg ser det slik så tenker eg at alt arbeidet som er lagt inn i det har vore verd det, seier ein rørt Bill Howe.

I to veker har han jobba med å gjera fasaden klar.

Det er 15. året han er med på å pynte til jul på Beverly, og for kvart år blir det fleire lysdekorasjonar.

Kva med dei som synst at det blir litt vel mykje?

– Dei får berre la vera å gå forbi her. Eg lovar at neste år skal me gjera endå meir utav det. Eg har allereie planen klar, seier Howe.

Lys på treet

Mange møtte også opp på torget i Stavanger i kveld, då julegrana vart tent.

– Eg har vore her veldig mange gonger før. Eg er her igjen i år, fordi mor mi seier at eg må gå, men så har det jo blitt ein tradisjon óg, seier Maren Mæhle, som var ein av ungane som fekk med seg tenninga av grana.

Julegrana vart i kveld tent på torget i Stavanger.

Sjå reportasjen frå tenninga av julegrana i Stavanger.