Hopp til innhold

Vurderer å utvida siktinga til overlagt drap

Siktinga mot ektemannen til Agnes Elisabeth Müller kan bli utvida til å omfatta overlagt drap.

Siktede i Agnes Muller-saken

KAN BLI TILTALT FOR OVERLAGT DRAP: Ektemannen til Agnes Elisabeth Müller kan bli sikta for overlagt drap, med ei strafferamme på 21 år i fengsel. Her er han på veg til samtale med politiet før han vart sikta i saka.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Eg veit at politiet vurderer å utvida siktinga frå forsettleg til overlagt drap, seier den sikta sin forsvarar, Ørjan Eskeland til NRK.

– Men med dei dokumenta eg har, så meiner eg at det ikkje er grunn til utviding av siktinga, held Eskeland fram.

Ørjan Eskeland, forsvararen til den sikta i Agnes-saka.

SJÅ VIDEO: Ørjan Eskeland er den sikta mannen sin forsvarar.

Den 34 år gamle mannen er no sikta for forsettleg drap for å ha drepe kona si, den 36 år gamle Agnes Elisabeth Müller. Onsdag innrømde han drapet i politiavhøyr, etter at han tysdag vart gjort kjend med at politiet hadde funne det dei trudde var eit lik på botnen av Lysefjorden. I dag vart det stadfesta at det var den 36 år gamle kvinna som vart funne.

Liket av Müller var senka til botnet av Lysefjorden ved hjelp av eit tungt stålrøyr.

Politiinspektør Kristin Nord-Varhaug

SJÅ VIDEO: Intervju med politiinspektør Kristin Nord-Varhaug.

Strafferamma for forsettleg drap er minst seks år i fengsel, dersom han blir funnen skuldig. Men om han blir funnen skuldig i overlagt drap, kan han bli dømd til 21 år i fengsel.

– Me kan ikkje utelukka at siktinga blir utvida, seier Kristin Nord-Varhaug, politiinspektør i Rogaland politidistrikt.

Flere nyheter fra Rogaland