Hopp til innhold

Set fly på bakken

Atlantic Airways har oppdaga same type feil som kan vere årsaka til flyulykka på Stord i haust.

Det færøyiske selskapet har bestemt seg for å ta eit fly ut av trafikk etter fleire tilfelle av feil på luftbremsene. Flyhavarikommisjonen har påpeikt at feil med luftbremsene truleg var årsaka til flyulykka på Stord der fire menneske omkom. Ibergen.no skriv at Atlantic Airways i det siste har gjennomført fleire naudlandingar på grunn av desse problema.

Leverer flyet tilbake

Kvalitetssjef Bjørn Simonsen i Atlantic Airways seier at dei no leverer tilbake det aktuelle flyet til det svenske selskapet som dei leiger det frå. I følge Simonsen er det berre ved dette eine flyet det har vore problem.

Dei andre flya av same type gjennomgår vanlege vedlikehald og skal ikkje ha feil, seier Simonsen. Flyet som vert teke ut av trafikk skal erstattast av ein nyare modell.

Flere nyheter fra Rogaland