Hopp til innhold

Terje såg flyet skli av rullebanen

Ti år er gått sidan eit passasjerfly med 16 personar om bord køyrde av rullebanen og tok fyr på Stord. Ulukka kravde fire menneskeliv.

I dag er det nøyaktig ti år sidan flyulukka på Stord. Fire personar mista livet då eit Atlantic Airways-fly køyrde utfor rullebana og tok fyr.

10 ÅR SIDAN: Fire personar mista livet då flyet køyrde av rullebanen ved flyplassen på Stord.

Dessutan vart seks personar alvorleg skadd då flyet frå færøyske Atlantic Airways køyrde av rullebanen på Stord lufthamn Sørstokken.

Klokka 07.30 10. oktober 2006 skulle flyet plukka opp passasjerar på ferda mellom Stavanger og Molde. Om bord var 16 personar, besetning frå Færøyane og passasjerar frå Aker Kværner i Rogaland.

Brannvaktsjefen i brann- og redningsgruppa ved Stord lufthamn, Terje Aleksandersen, gjorde klar bagasje som skulle med flyet.

Flyulykken på Stord

RØYK-OG FLAMMEHAV: Meldingane som tikka inn frå augevitne var dramatiske. «Flammane er dobbelt så høge som ein brannbil er lang.»

Foto: Jan Kåre Ness / SCANPIX

Sklei av rullebanen

Brått blir Aleksandersen augevitne til ei alvorleg ulukke. For ved landing får flyet store problem.

Spoilerane på vingane feller seg ikkje ut, farten blir for høg og flyet sklir av rullebanen.

I ei skråning tek flyet fyr og brenn til slutt heilt ut.

– Det var først då eg såg halen på flyet gjekk opp at eg skjøna at flyet hadde gått utfor. Det var heilt uverkeleg, seier Aleksandersen.

Eg hugsar eg sa «dette gjekk til helsikke» og tenkte på passasjerane ombord.

Terje Aleksandersen

Terje Aleksandersen

FØRST PÅ STADEN: Lufthamnbetjent ved Stord lufthamn, Terje Aleksandersen såg at flyet sklei utfor rullebanen.

Foto: Marte Rommetveit

Kraftig brann

I 1998 omkom ni danskar då eit fly styrta under innflyging til Sørstokken.

Åtte år seinare er katastrofen igjen eit faktum. Aleksandersen og ein kollega vert dei første på ulukkesstaden denne dagen.

– Han som var utrykkingsleiar gjekk ned til flyet og prøvde å opna døra bak. Men den eine motoren gjekk enno og flammane kom rett på oss. Me trekte oss tilbake og prøvde å dempa brannen ovanfrå. Då brann det allereie i kabinen. Me hadde ikkje sjanse å stoppa det, fortel Aleksandersen.

Flammane er dobbelt så høge som ein brannbil er lang.

Augevitne

Flyet fra Atlantic Airways

UNDERSØKJER FLYET: Geir Sommervold (t.v.) og Mons Nygård frå Flyhavarikommisjonen undersøkte flyet etter ulukka. Havarikommisjonen konkluderte med at både flydesignet og flyplassen hadde manglar.

Foto: LARSEN, HÅKON MOSVOLD / SCANPIX

– Redda liv

Litervis av drivstoff rann inn i kabinen. Kombinert med stor oksygentilførsle frå motoren som var i gang, brann det kraftig frå flyvraket i fleire timar etter havariet.

Tolv av dei seksten om bord British Aerospace 146-maskina overlevde. Myklebust er ikkje i tvil om at kollegaene hans redda fleire liv den fatale morgonen for ti år sidan.

– I løpet av to minutt hadde brannvesenet tømt to brannbilar, cirka 18.000 liter vatn, på den havarerte flykroppen. Det var vel det som gjorde at dei som overlevde klarte å koma seg ut, seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Tunge år etter ulukka

Først seks år etter ulukka konkluderte Havarikommisjonen med at både flydesignet og flyplassen hadde manglar. Gjennom store investeringar har Stord lufthamn gjort ei rekkje utbetringar.

Aleksandersen seier mannskapet på flyplassen har klart seg godt etter ulukka, men åra har vore tunge.

– Det vart nesten heilt stillstand etterpå. Det var lite passasjerar, flyselskapet gjekk konkurs og det blei permitteringar. Men no har det tatt seg opp igjen. No er me ein fin gjeng som tar vare på kvarandre.

Minnestund på Aker Kværner Stord for de fire som mistet livet i flyulykken på Stord Lufthavn.

MINTEST DEI OMKOMNE: Det blei heldt minnestund på Aker Kværner Stord for dei fire som mista livet i ulukka.

Foto: Ketil Jordan / NRK