Hopp til innhold

Koronasmitte på to sjukeheimar i Rogaland – nå er det full besøksstans

Fire bebuarar og to tilsette ved Vågedalen sjukeheim i Stavanger er smitta av covid-19, medan ein tilsett er smitta ved Åse boas i Sandnes. Begge sjukeheimane er sett i karantene.

Vågedalen sykehjem

Vågedalen sjukeheim ligg på Hinna i Stavanger.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

I løpet av søndag kveld blei det klårt at fire av dei 34 bebuarane på Vågedalen sjukeheim på Hinna i Stavanger er koronasmitta. Det same gjeld to av dei tilsette.

– Ein av bebuarane har moderate symptom, og dei tre andre er symptomfrie, seier direktør for helse og velferd i kommunen, Eli Karin Fosse.

Eli Karin Fosse

Eli Karin Fosse er direktør for helse og velferd i Stavanger kommune.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Smittekjelda er førebels ukjent, men det kan vere både tilsette, bebuarar og pårørande, meiner kommunen.

– Det er jo ein alvorleg situasjon me ikkje har vore i før, så me er i full beredskap.

Kommunen jobbar nå med å sørge for at sjukeheimen ennå skal ha ei forsvarleg drift.

– Me skal ta vare på alle så godt me kan, seier Fosse.

Massiv testing

Til saman rundt 140 personar er eller skal bli testa i samband med utbrotet.

Dei fleste testsvara på tilsette er ennå ikkje klare, men kommunen ventar svar i løpet av dagen og morgondagen.

18 tilsette er definert som nærkontaktar og er sett i karantene. Samstundes er også heile sjukeheimen i karantene, som betyr at bebuarane ikkje kan ta imot besøk.

Kommunen vurderer om reglane for besøk må skjerpast inn på alle sjukeheimar.

– Det vil bli avgjort i løpet av dagen i dag.

Smitte også ved sjukeheim i Sandnes

Ein tilsett ved Åse bo- og aktivitetssenter (Åse boas) i Sandnes testa søndag kveld positivt på covid-19.

Fire bebuarar som vedkommande har vore i nærkontakt med, er sett i isolat. Det betyr at dei må bli på romma sine.

Alle dei tilsette på avdelinga er sett i karantene. Det gjeld også alle pasientar som vedkommande har vore i kontakt med.

– Heile institusjonen er inntil vidare stengt for pårørande, seier kommuneoverlege i Sandnes, Hans Petter Torvik.

Hans Petter Torvik

Hans Petter Torvik er kommuneoverlege i Sandnes kommune.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Måndag morgon blei alle 19 bebuarar på den aktuelle posten testa. I tillegg har kommunen testa tilsette, reinhaldspersonell og bygningsarbeidarar som driv vedlikehald – til saman 49 personar.

– Sandnes kommune er førebudd på ein slik situasjon, og set nå i verk beredskapsplanane, seier Torvik.

Alvorleg situasjon

Bemanninga er delt i to skiftlag, som ikkje er på jobb samtidig. Difor var det mogleg å erstatte dei tilsette som nå er i karantene.

Men kva som skjer vidare, er usikkert.

– Om testresultata viser at fleire må i karantene i ti dagar, då slit vi veldig. Men me ser det som lite truleg at smitten har spreidd seg til andre avdelingar.

– Kor alvorleg er situasjonen?

– Det er jo alvorleg. Kor alvorleg veit vi utover ettermiddagen og kvelden. Så kan jo prøver vise negativt resultat tidleg i inkubasjonstida. Difor får vi ikkje alle svara i dag.

Kommunen veit kor den tilsette blei smitta, men vil ikkje utdjupe dette nærare.

Inngang til Åse bo- og aktivitetssenter i Sandnes.

Åse bo- og aktivitetssenter i Sandnes er nå stengt for besøkjande.

Foto: Sandnes kommune

Lindrande ikkje ramma

Åse boas har seks avdelingar med 94 plassar til saman. Ein av desse er ein lindrande post.

Torvik stadfestar at denne avdelinga ikkje er ramma av smitteutbrotet.

– Lindrande avdeling brukar ein annan inngang enn dei andre. Personalet gjer individuelle vurderingar når det gjeld besøk.

Flere nyheter fra Rogaland