Hopp til innhold

Vil bli blant dei største i landet på terrengsykling – like ved Preikestolen

Det blir investert fleire hundre millionar kroner i anlegg for terrengsykling i Noreg. Ryfylke har mål om å bli blant dei største sykkeldestinasjonane.

Dalen stisenter

Laurdag opna Dalen stisenter ved Jørpeland sentrum. Sykkelstien er berre starten på ei storstilt satsing på sykkelstiar i Ryfylke.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er fantastisk. Endeleg er det nokon som torer å satsa, seier Gunn-Rita Dahle Flesjå.

Tidenes mestvinnande terrengsyklist har gitt seg som profesjonell utøvar, men deler gjerne tips og triks med sykkelentusiastane i nye Dalen stisenter på Jørpeland i Ryfylke.

Regionen som er mest kjent for turistmagneten Preikestolen, har opna ein 1,5 kilometer lang sykkelsti som innbyr til luftige svev og krappe svingar i høg fart.

Men dette er berre første tråkk i jobben med å komma heilt i tet på det norske sykkelkartet.

– Me har Preikestolen, vakker natur, sjø og fjordar. Me kan bli kjempestore og har mykje å gle oss til, meiner den tidlegare sykkelproffen.

Dalen stisenter

Mange har vore ivrige etter å testa Dalen stisenter ved Jørpeland sentrum.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Sykkelløype langs Lysefjorden

Den langsiktige planen til Ryfylke sykkelklubb er å bygga 50-60 kilometer med sykkelløyper i Ryfylke til ein prislapp på opp mot 100 millionar kroner.

Aleksander Amdal

Prosjektleiar i Ryfylke sykkelklubb, Aleksander Amdal.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Dette blir eit fantastisk tilbod både for å auka bulysta, folkehelsa og turistnæringa, seier prosjektleiar i Ryfylke sykkelklubb, Aleksander Amdal.

I sykkelplanen blir det peika på ni område å bygga ut sykkelløyper på. Blant desse er Preikestolen stisenter ved preikestolhytta. I tillegg er målet å få til ei sykkelløype langs Lysefjorden inn mot Lysebotn.

– Du vil følgja fjellryggen langs fjorden. Det vil bli ein episk sti som vil setja Lysefjorden og Ryfylke på det internasjonale sykkelkartet, meiner Amdal.

Preikestolen

Det er ikkje planar om sykkelløyper opp til Preikestolen, men store planar i området ved preikestolhytta. Også langs Lysefjorden kan det bli sykkelsti.

Foto: Paul Kleiven / NPK

– Det trengst nye anlegg

Men det er kamp om plassen på sykkelkartet.

Over heile landet blir det i desse dagar investert fleire hundre millionar kroner i sykkelstiar og sykkelanlegg, ifølge Opplysningskontoret for terrengsykling.

– Koronapandemien har forsterka interessa. Fleire ønsker å vera aktive i naturen og mange vil ha andre opplevingar enn til fots, seier styreleiar Lars Wraae Jensen.

Trysil har stått i spissen for utviklinga av tilrettelagde sykkelstiar her til lands og fleire andre plassar har følgd etter i sykkelspora.

Det er likevel ikkje fare for at storsatsingar som i Ryfylke tar lufta ut av andre sykkeldestinasjonar, ifølge Wraae Jensen.

– Det trengst nye anlegg og Noreg er framleis i ein tidleg sykkelfase. Andre plassar i Europa som Skottland har drive på med dette i fleire tiår. Der har sykkel blitt ein del av det nasjonale reiselivsproduktet.

Dalen stisenter

Sykkelløypene i Ryfylke blir gradert som i alpinanlegg med fargekodar. Dalen stisenter er blå som betyr at den er familievennleg.

Foto: Magnus Stokka / NRK

60 prosent vekst

Interessa for sykling utanfor asfalterte vegar viser også igjen i salstala til sportsbutikkane. Sportskjeda XXL opplevde ein vekst på drygt 60 prosent i talet på terrengsyklar i fjor.

– Me har sett ei aukande interesse for sports- og friluftsutstyr både på sommaren og vinteren. Mange av dei som går på topptur om vinteren, har også kjøpt seg ein terrengsykkel for å kunne ferdast i fjellet på sommaren, seier salssjef for sykkel hos XXL, Andreas Schjem.

Men toppen i salet av terrengsyklar blei nådd i 2012-2013. Etter det har dei nasjonale salstala gått ned og lege stabilt på 70.000 terrengsyklar i året.

Gunn-Rita Dahle Flesjå

Tidlege proffsyklist og ryfylking Gunn-Rita Dahle Flesjå.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Likevel veit me at underkategoriar innan terrengsykkelsegmentet er i endring, der også elsyklar veks, seier administrerande direktør i Norsk Sportsbransjeforening, Trond Evald Hansen.

Det er ein lang etappe som står att før alle sykkelplanane i Ryfylke er i sving. Men spelemidlar, ein god porsjon dugnad og ein kommune som heiar på planane har gitt ein god start.

– Dette trur me er starten på noko kjempestort. Me ser korleis dette tar av både i Noreg og andre land, seier ordførar i Strand, Irene Heng Lauvsnes (H).

– Me treng nokre år på å bli større enn Trysil. Men me kan utan tvil få til noko likande her, meiner Gunn-Rita Dahle Flesjå.